Hopp til innhold

Derfor må ein slakte reinsdyra i Nordfjella

– Er det berre her det er skrantesjuke, må vi ofre oss for å bli kvitt dette, seier leiar i villreinnemnda i Nordfjella.

Ut i naturen: Villrein i vest

SLAKTAST: Reinsdyra som går i Nordfjella må slaktast ned for å hindre skrantesjuke-smitte på dyr og miljøet.

Foto: Jan Benkholt / NRK

Skrantesjuka er blitt påvist på tre døde rein, men det finst enno ingen måte å påvise smitte hos levande dyr. Smittefaren er så stor at det er avgjort at 2200 villrein i Nordfjella må bøte med livet, i håp om å bli kvitt sjukdommen.

– Det blir rart å ikkje lengre sjå spor eller dyr i fjellet. Og rart at vi ikkje skal pakke sekken og reise på jakt som vi brukar, seier Lars Nesse i villreinnemnda.

Ikkje tid til å vente på forskinga

Forskar Jørn Våge

INGEN ANNAN UTVEG: Forskar, Jørn Våge seier at ein på dette tidspunktet ikkje har nokon annan moglegheit enn å slakte dyra.

Foto: Bryndis Holm

Forskinga er i gang for å finne ut om det finst ein måte å oppdage om levande dyr er smitta av skrantesjuke. Men forskinga har ikkje komme langt nok til at det finst resultat som kan brukast allereie, og det er for seint for reinsdyra i Nordfjella.

På grunn av smittefaren blant dyra og miljøet kan ein ikkje risikere at reinen går der for lenge ifølge forskar og skrantesjuke-koordinator, Jørn Våge ved veterinærinstituttet.

– I tillegg til at reinsdyra kan smitte andre hjortedyr og kvarandre, kompliserast det heile med at smitta har ei evne til å bli bevart lenge i miljøet, seier Våge.

– Vi må gjennom det

Beskjeden kom ikkje overraskande på Lars Nesse. Han har vore oppe i dette i eit år, og innser at å slakte reinsdyra er den einaste løysinga ein har, for at ikkje sjukdommen skal spreie seg over heile området.

Olav Strand og Lars Nesse

IKKJE UVENTA: Lars Nesse vart ikkje overraska over vedtaket. Han håpar tiltaket gjer at ein blir kvitt skrantesjuke.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Hadde ein spurt meg for eit halvt år sidan hadde eg visst om mange som var sinte for dette, men vi skjønar at det ikkje er anna å gjere, seier han.

Han samanliknar nedslaktinga med Lærdalselva der ein fann parasitten gyrodactylus salaris hos laksen for 20 år sidan. Då måtte ein drepe 10 tonn laks for å bli kvitt parasitten.

Nesse er sjølv med i eit utval som skal etablere reinen igjen når den er brote. Han håpar det går fortare enn det gjorde i Lærdalselva.

Elgen får vere i fred

Det er berre hjortedyr som kan bli sjuke av smitte. Det kan hende at sauar kan vere smitteberarar for sjukdommen, men vil ikkje få sjukdommen.

I fjor fann ein også skrantesjuke hos to elgar. Likevel er det ikkje vore snakk om å ta affære blant elgbestanden, fordi den går for seg sjølv og ikkje har mykje kontakt med andre artar.

– Reinen klumpar seg saman i flokkar og dermed er smittefaren mykje meir effektiv. Der hjelper det ikkje å ta ut enkeltdyr for å redusere smittemoglegheita, seier Våge.