Hopp til innhold

Derfor kjem «Jays» tilbake år etter år

Friidrettsfestivalen i Florø har ein solid posisjon i europeisk friidrett. Laurdag kjem Jaysuma Saidy Ndure tilbake for å springe i kystbyen – nok ein gong.

Jays under NM

KJEM TILBAKE: Jaysuma Saidy Ndure kjem også i år til å springe fort i Florø. Her er det norske sprintesset fotografert under NM i friidrett.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Arrangørane legg vekt på det sosiale, noko utøvarane ikkje er så vande med. Dei set umåteleg stor pris på det. Difor klarer arrangørane stadig å skaffe overraskande god matching til dei norske utøvarane trass i avgrensa budsjett. Florø har eit godt og innarbeidd rykte i Europa, seier Olav Magne Tveitå.

Han er trenar for Jaysuma Saidy Ndure og Ezinne Okparaebo, som kjem – nesten som vanleg – tilbake til Florø og friidrettsfestivalen også i år. Dei norske friidrettsstjernene har lagt sin elsk på stemnet i kystbyen.

– Jays vil truleg stille i Florø kvart år, om ikkje andre konkurransar kjem i vegen. Det er nesten eit kjærleiksforhold, seier Tveitå.

Er på jakt etter nye rekordar i Florø

Jaysuma Saidy Ndure si oppkøyring til sesongen er lagt opp slik at han skal vere klar til å yte eitt hundre prosent i Florø. Og når han stiller på startstreken i god form, er målet å setje nye rekordar. Ndure har allereie sett den norske innandørsrekorden på 100-meter i Florø.

– Florø fortener også utandørsrekorden ut frå måten dei legg til rette på, mellom anna med fisketurane etter stemnet, seier trenaren.

– Det ei stjerne i margen for oss. Det er ikkje så mange arrangørar i Norge som får dei til sine stemne, sa stemnesjef Rune Osa då det vart klart at stjerneduoen igjen stiller til start i festivalen.

Ndure

ROSAR FLORØ: Trenar Olav Magne Tveitå (bak t.v.) er mektig imponert over opplegget på Florø friidrettsfestival. Her er trenaren saman med Jaysuma Saidy Ndure under VM.

Foto: Ã…serud, Lise / NTB scanpix

Brukar ikkje krefter på vindmålarblemma i fjor

Trenar Tveitå er oppteken av at Florø heilt sidan 1990-talet har vore flinke til å leggje til rette for sprintarane, slik at dei får springe i medvind.

– Sprinterane ønskjer medvind – og ikkje motvind – å kjempe mot. Tilskodarane ønskjer å sjå gode tider, og dette har arrangørane i Florø skjønt. Dessverre har ikkje majoriteten av arrangørar i Europa skjønt dette i like stor grad som i USA, seier han.

For eitt år sidan enda Ndure sitt pangløp med underkjenning av den norske rekorden på grunn av kluss med ein vindmålar. Det er ikkje noko sprintaren bruker krefter på no.

– Ein feil vindmålar vart sett ut ved ein feil i fjor. Det er slik som kan skje. I år blir det ein såkalla optisk målar, forklarer Tveitå.