NRK Meny
Normal

Derfor går kommunane med kjempeoverskot

Kommunane kuttar i budsjetta sine, men endar til slutt opp med kjempeoverskot. Slik heng det saman.

Stryn sentrum

MILLIONAR I LOMMA: For andre året på rad går Stryn kommune med nær 20 millionar i overskot.

Foto: Silje Guddal / NRK

Kommunar over heile landet melder om at det i år vil bli store rekneskapsmessige overskot, i fylgje KS. Det betyr at kommunane har hatt større inntekter enn rekna med. For innbyggarane er det dessverre liten grunn til å tru at politikarane no kan slutte å bruke spareknivane.

– Vi ser at resultata i 2016 vil bli betre enn i åra før, seier Sigmund Engdal som er spesialrådgjevar for kommuneøkonomi i KS.

Askvoll sentrum

OVERSKOT: I fylgje Firda hadde Askvoll i fjor eit overskot på 11,6 millionar kroner. Kommunane kan snart ha 25 millionar i oppsparte bufferfond.

Foto: Steinar Bauge.

Han meiner dette er eit eingongstilfelle, og at ein alt no kan slå fast at 2017 blir eit strammare år for kommunane.

– Den viktigaste årsaka til overskota er ein betydeleg skattevekst på fem milliardar kroner meir enn det kommunane budsjetterte med. Årsaka er at det har kome endringar i utbyteskatten for privatpersonar som gjer at det er teke ut store utbytte i 2015, som igjen er blitt skatta av i 2016.

Slik blir det ikkje framover:

– Dette er ein eingongseffekt, som kommunane får i 2016, men som ikkje kan førast vidare.

Stryn med over 20 millionar kroner i overskot

Ein av kommunane i Sogn og Fjordane som verkeleg har gjort det godt er Stryn kommune. Økonomisjef Johnny Hove er godt nøgd:

– Vi har godt over 20 millionar kroner i overskot, eller rekneskapsmessig mindreforbruk som det også heiter. I fjor hadde vi også eit godt resultat på 20 millionar kroner. Årsaka er auka skattevekst, meir pengar i samband med flyktningmottak og busetjing av flyktningar.

Pengane blir sett av på fond, og pengane skal også nyttast på eit premieavvik som skal utbetalast neste år, forklarar Hove.

Kuttar i budsjetta, men endar med overskot

Nordfjordeid

INVESTERER: Eid kommune har investert stort dei siste åra, det gjer at lånegjelda veks. Eit overskot i år kan kome godt med i framtida, meiner økonomisjefen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Men mange blir forundra når dei høyrer om feite overskot i kommunekassane. Den lokalpolitiske kvardagen handlar mange stadar om innsparingar for å få budsjetta i balanse.

Eid kommune gjekk med 10,4 millionar i overskot i 2016. Inntektsutjamningssystemet sikrar at når skatteinntektene aukar på landsplan, får alle kommunane ta del i veksten gjennom inntektssystemet.

Pengane bør gå rett til disposisjonsfond seier økonomisjef i Eid, Ole Starheim:

– Vi har eit resultat som totalt sett styrkar balansen vår, det er veldig bra. då blir vi betre budde på tøffe år fram mot 2020.

Ole Starheim

NØGD: Økonomisjef i Eid, Ole Starheim har nett sluttført rekneskapen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Eid kommune har investert tungt i omsorgssenter, idrettsbygg og sentrumsutvikling. Lånegjelda er høg og økonomisjefen meiner det blir viktig med store bufferfond.

– Det gjer at vi til dømes toler auka renteutgifter. Vi får ei mjukare landing når innsparingsbehova melder seg.

Vart det kakefest då overskotet vart klart?

– Nei, men vi tok oss ein bolle då vi endeleg hadde sluttført rekneskapen innan fristen, smiler Starheim.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.