Hopp til innhold

Derfor feirar vi jonsok

I dag er dagen der ein tenner bål rundt om i heile landet. Men veit du eigentleg kvifor vi feirar denne dagen?

Jonsok i Gloppen

BÅL: Det er ein eldgamal tradisjon å tenne bål under jonsokfeiringar over heile landet. Slik såg eit jonsokbål i Gloppen ut i 2011.

Foto: Jon Gloppestad / leserbilde

– Denne tradisjonen har verkeleg lange røter, seier avdelingsdirektør, Gunnhild Systad ved Sunnfjord museum.

Natta mellom 23. og 24. juni feirar vi Jonsok eller Sankthans. Og det har vi gjort i mange tusen år.

Døyparen Johannes

Gunnhild Systad

IKKJE RART: Gunnhild Systad er ikkje forundra over at ein framleis held liv i tradisjonen om sankthansfeiring.

Foto: Asbjørn Tyssen

Då kristendommen blei innført, var det vanleg å ta i bruk allereie eksisterande, heidenske markeringsdagar å gjere til sine eigne, fortel Systad. Mange, mange år før kristendommen hadde ein allereie hatt som skikk å markere solsnu-dagen den 21. juni.

Når ein skulle finne ein dag for å markere fødselen til døyparen Johannes, som er på dagen eit halvt år før Jesus sin, blei det naturleg å bruke denne datoen til Sankthansfeiringa.

– Ved å bruke dei heidenske markeringsdagane, unngjekk ein kanskje ein del kampar, seier Systad.

Både namnet «Jonsok» og «Sankthans» stammar frå namnet Johannes.

Magiske krefter er frie

Gunnhild Systad fortel om mange ulike tradisjonar som har vore vanlege denne natta. Både leikne skikkar og meir alvorlege. Mellom anna er det vanleg å gifte seg denne dagen.

– Når sola snur, går vi inn i ei overgangsrite. Dermed får vi ei fase der vi er verken eller og alle magiske krefter, både gode og vonde er frie, seier Systad.

Mellom anna seier overtru at om du plukkar ein blomsterbukett med sju ulike sortar og legg under puta, vil du drøyme om den du skal gifte deg med.

Jonsokbål 2012 i Balestrand

LIV: Bålet symboliserer liv, ifølge Gunnhild Systad. Denne tradisjonen er minst like lang som sjølve sankthansfeiringa.

Foto: Robert Jan Leerink

Jonsokbål

Systad er ikkje det minste forundra over at vi framleis markerer denne dagen. Ho meiner det er naturleg for oss å markere at sola snur, så opptekne som nordmenn er av vêret.

Og tradisjonen med å brenne bål denne kvelden, er også eldgamal, fortel ho. Bålet kan sikre god lykke og er knytt til både god avling og god helse.

– Bålet lyser opp og er symbolet for liv. Det er mange grøderike tradisjonar omkring bålet, seier Systad.

Del dine bilete frå feiringa med oss

Del gjerne bilete frå sankthansfeiringa di med oss. Merk bileta dine med #nrksf på Instagram, så hamnar i galleriet vårt.

Laster innhold, vennligst vent..