Hopp til innhold

Derfor er han ekstra spent framfor løpet

Øyvind Strømmen Kjerpeset har ikkje sprunge ein 400-meter hekk sidan han tok NM-gull sist sommar. No startar han jakta på kravet til VM i Beijing.

Øyvind Strømmen Kjerpeset på Bislett

TILBAKE: Øyvind Strømmen Kjerpeset er tilbake for fullt når han stiller til start i Florø friidrettsfestival. På ein god dag kan han vere i stand til å setje ny norsk rekord på 400-meter hekk.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Det er veldig spennande, for eg er usikker på korleis eg ligg an. Men på trening onsdag gjekk det utruleg bra. No er eg berre spent på om eg kan truge den personlege rekorden min, seier Kjerpeset.

For ein månad sidan var han tilbake med brask og bram i eit stemne på Lambertseter i Oslo. Der vann han både 150-meter (15,99 sekund) og 300-meter (33,83 sekund) i skarp konkurranse.

Laurdag står han for første gong sidan i fjor sommar på startstreken på favorittdistansen 400 meter hekk. Og det ser lovande ut.

– Onsdag sprang eg dei første 200 metrane i konkurransefart, og det gjekk veldig behageleg på farta eg hadde i dei gode løpa mine i 2013. Det gjekk betre enn eg hadde trudd, seier Kjerpeset.

Det er veldig mykje som skal klaffe, men ...

Arrangøren av Florø friidrettsfestival lokkar med at heimehåpet skal gjere forsøk på å senke den norske rekorden på 400-meter hekk. Sjølv har Kjerpeset håp om å klare det, men han er usikker på korleis han ligg an.

Den norske rekorden er sett av 23-åringen sjølv, og er på 49,95.

– Om eg er heldig med forholda og har dagen, kan det bli veldig bra. Men det er det første løpet mitt, veldig mykje skal klaffe og eg skal ha dagen. Det er eit godt felt, så det blir veldig spennande, seier han.

Kjerpeset

OFFENSIV: Det er slik vi kjenner Øyvind Strømmen Kjerpeset – i full fart over hekkane på friidrettsbana.

Foto: Jon Eeg / NTB scanpix

Slik kan han komme seg til VM

Hovudmålet for sesongen er VM i Beijing. For å komme dit må Kjerpeset presse den personlege rekorden sin heilt ned til 49,50.

– Kor viktig er løpet i Florø med tanke på å komme til VM?

– VM er målet, men eg veit ikkje kor eg står. Det vil først vise seg i morgon. Så det blir viktig. Men det er vanleg å springe seg ned med kanskje eit heilt sekund til det tredje og fjerde løpet i sesongen. Så om eg spring ned mot pers i morgon, bør VM-kravet gå veldig greitt seinare, seier Kjerpeset.

– Difor vil eg vere nøgd om eg spring på 50,50. Spring eg på tider ned mot den personlege rekorden, vil det vere heilt utruleg.