NRK Meny
Normal

Derfor blir solnedgangen raud

Har du lurt på kvifor himmelen nokon gonger blir farga raud når sola er på veg ned på kvelden?

Laster Instagram-innhold

– Grunnen til at himmelen blir raud er at solstrålane har lang veg å gå, og lyset har lengre veg til oss når sola er låg, seier statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl.

Lyset som stråler frå sola spreier seg overalt når den møter på ulike partiklar i atmosfæren. Og lyset har eigentleg alle moglege fargar som vi ikkje alltid kan sjå.

Den raude farga i lyset er den som har lengst bølgelengde og er derfor den farga som overlever lengst. Når solstrålane må komme seg gjennom partiklar som skyar og fukt på veg ned til oss blir derfor farga på lysstrålane meir raud.

Laster Instagram-innhold

– Når lyset har gått den lange vegen gjennom atmosfæren og gjennom partiklane, er det raudfargen vi sit igjen med, seier Escobar Løvdahl.

Dess fleire skyer og andre partiklar lyset må trenge seg gjennom, dess meir blir lyset spreidd, og dess raudare blir altså himmelen.

«Aften rød gir morgen bløt»

Det finst fleire teoriar om kva fargane på kveldshimmelen kan seie oss om vêret framover og det er kjende ordtak som at «Aften rød» kan gjere morgondagen anten «søt» eller «bløt». Ifølge meteorologen er ikkje den siste versjonen heilt bak mål.

– Stort sett kjem vêret i Noreg frå vest. Raud himmel betyr at vi har skyer i vest, der som lågtrykka som oftast kjem frå. Derfor er det kanskje ikkje så usannsynleg at farga kan bety at det kjem ei regnbye i næraste framtid, seier Escobar Løvdahl.

Laster Instagram-innhold

Dei gamle vêrteikna er ikkje alltid like nøyaktige som prognosane til meteorologane. Likevel meiner Escobar Løvdahl at himmelen absolutt avslører litt av det vêret ein kan vente seg framover.

– Dei skyene ein ser på himmelen som ser ut som dei er måla med akvarell, betyr som regel at det er eit lågtrykk på veg. Så himmelen kan fortelje oss mykje, men dei stemmer sjølvsagt ikkje alltid, seier han.

Laster Instagram-innhold
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.