NRK Meny
Normal

Der ung kultur møtest

UKM kallar seg ikkje lenger ei mønstring, men ein møtestad og ein kulturfestival for ungdom. Desse fire har ei viktig oppgåve knytt til det nye namnet.

Ungdommer med ansvar for det sosiale på UKM

Frå venstre: Jenny Hatlelid Holsæter (16), Ive van Oorschot (15), Fredrik Moracchioli Lura (16) og Oddbjørn Litlabø (17)

Foto: Martha Våge / NRK

– Det viktigaste er det sosiale! At ein vert kjend med nye folk som held på med kultur og slikt, seier Jenny Hatlelid Holsæter (16) frå Årdal.

Ho er Sogn og Fjordane sin URG. URG står for Ungdommens Ressurs Gruppe, og er med på å utvikle festivalen i lag med dei vaksne. Holsæter er Sogn og Fjordane sin representant, og reiser landet rundt for å vere med på tilstellingar i lag med representantar for dei andre fylka.

Jenny Hatlelid Holsæter

URG: Holsæter driv med UKM heile året

Foto: Martha Våge / NRK

Hittil har ho vore på Melodi Grand Prix Junior og Ungdoms-OL på Lillehammer i lag med dei andre frå URG, der dei har spreidd det glade bodskap om UKM. Seinare i vår skal ho til Trondheim og spreie glede på landsfestivalen til UKM.

Under UKM-festivalen i helga har ho med seg fem andre ungdommar i sitt lokale URG. Dei går rundt og snakkar med deltakarar og får tilbakemeldingar på arrangementet som kan gjere det betre til neste gong.

– Jobben vår er det sosiale. Vi skal hjelpe ungdommar med å verte kjende med kvarandre. Det kan vere litt skummelt når ein er på UKM for første gong, seier Holsæter.

Frå konkurranse til møtestad

UKM har stått for Ungdommens Kultur Mønstring i nesten tretti år, sidan det starta i 1987. I fjor endra dei namnet til Ung Kultur Møtast. Det er litt rart for dei som er vant til det gamle.

– Det er mange deltakarar som syns det er litt rart, og som likte det gamle betre. Men etter eg vart vant til det nye namnet syns eg i grunnen at det passar mykje betre, seier Holsæter.

Meininga med namneendringa er å endre fokus frå at det skal vere ein konkurranse til å vere ein møteplass for ungdom og kultur.

– Når du tenker over det, so er det jo heilt logisk! Det er ein møteplass og ein festival, og vi er trivselsgruppa, seier Holsæter.

– I kveld skal vi arrangere speeddating slik at alle vert kjende med nokon nye. I går hadde vi masse leikar, det var veldig kjekt.

Over hundre ungdomar i ein gymsal

– Det er det mange som er litt nervøse og syns det er kjekt å snakke med oss i staden for ein vaksen. Vi har vore med mange gonger før, og veit litt kva det går i.

– Det er lov å vere nervøs når ein skal sove i gymsal med hundre unge ein ikkje kjenner, men berre kom til oss! Vi skal hjelpe deg, avsluttar Holsæter.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå