NRK Meny
Normal

Deponimotstandarane styrker seg med fellesfrukost

250 gruvemotstandarar var fredag morgon samla til fellesfrukost i det store teltet Natur og Ungdom har reist på sommarleiren i Vevring.

Frukost på sommarleir i Vevring

250 TIL FRUKOST: Det var trongt om plassen ved frukostbordet i teltet til Natur og Ungdom.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Ei rekkje aktivitetar ventar deltakarane utover dagen, seier leiar Arnsten Vestre i Natur og Ungdom.

– No skal folk på fjelltur, andre skal ut og padle kajakk og verkeleg oppleve det Sunnfjord har å by på. Eg trur det er veldig mange som gler seg til det.

Men det er kampen mot gruveplanane og særleg fjorddeponiet som er hovudfokus for deltakarane på sommarleiren. Vestre seier det er naturleg å mobilisere så sterkt som dei gjer.

– Det ville ha vore ein tragedie for Førdefjorden dersom dette prosjektet gjekk gjennom: Norge er eitt av fem land som let gruveindustrien dumpe avfallet sitt på havet. Det er grunnen til at vi er samla her ved Førdefjorden for å protestere og demonstrere.

Arnstein Vestre

– Ein slags prøvesmak. Leiar Arnstein Vestre i Natur og Ungdom.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Og Vestre sender ei klar melding til Nordic Mining:

– Dette er ikkje det siste dei har sett av oss ved Førdefjorden.

Søndag skal deltakarane øve på sivil ulydnad.

– Dette er ein slags prøvesmak. Det er 1700 som står på aksjonslista for sivil ulydnad-aksjonar dersom dette prosjektet går gjennom. Vi skal øve oss på å bli borne vekk på toppen av Engebøfjellet for å vise kor langt vi er viljuge til å gå for å stanse dette prosjektet.

– Og vi har ikkje gitt opp enno, vi har mange lovlege middel som vi har tenkt å bruke for å stanse prosjektet, seier Vestre.

Sommarleiren til Natur og Ungdom i Vevring

KLAR BESKJED: Store banner prydar sommarleiren til Natur og Ungdom ved skulehuset i Vevring.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Laurdag blir det folkefest, der alle som vil er velkomne, seier Vestre.

– Det blir konsertar og debatt, det blir kulturinnslag, Fridtjov Urdal kjem for å lese dikt. Og så kjem det partileiarar frå fleire parti for å vise sin motstand. Dagen blir avslutta med ei markering oppe på Engebøfjellet.

Ein del av deltakarane er fredag på tur til Håsteinen.

– Eg trur dei kjem attende med ei endå større overtyding om at dette er noko som det er verd å ta vare på.

– Blir det ei rein einvegskøyring på at dette er gale, eller ser de på fordelene med gruvedrift?

– På folkefesten i morgon er alle velkomne, uavhengig av om dei er motstandarar eller forkjemparar. I debatten vil vi ha synspunkt frå alle sider, og det er viktig.