NRK Meny
Normal

Departementet sa nei

Det var departementet som fredag sa nei til å leggje ned fødeavdelinga på Nordfjordeid, seier sikre kjelder til NRK Sogn og Fjordane.

Nordfjord sjukehus
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Før det dramatiske styrevedtaket på torsdag var styreleiaren i Helse Vest orientert om at fødeavdelinga på Nordfjordeid kunne komme til å bli lagt ned.

Men dagen etter styremøtet fekk styreleiar Oddvar Nilsen i Helse Vest beskjed om å omgjere Helse Førde sitt vedtak om nedlegging av fødeavdelinga.

 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.