Hopp til innhold

Har ikkje fått svar om catskiing - ordførar skuldar departement for regelrytteri

Over heile landet får kommunar klarsignal for snøskuterkøyring, men i Eid har kommunen ikkje fått løyve til å frakte skituristar til fjells med trakkemaskin. – Regelrytteri og byråkrati, rasar ordføraren.

Snøskuter/catskiing

VERRE: Snøskuterkøyring er eit større inngrep i naturen enn såkalla catskiing, meiner ordføraren i Eid.

Foto: Svein Jan Hjelmeset/Mads Jonsson

Kommunen har for lengst sagt ja til at skisenteret på Harpefossen skal få lov til å drive med såkalla catskiing. Det vil seie å frakte skituristar til fjelltoppane med ei trakkemaskin, slik at dei kan renne ned att i uspora puddersnø.

Men svaret frå departementet let vente på seg. Samtidig får over 100 kommunar landet rundt i desse dagar klarsignal til å drive forsøk med snøskuterkøyring.

Eid-ordføraren er ikkje nådig i sin karakteristikk av miljøverndepartementet.

– Dei hindrar oppstarten av ei ny næringsverksemd som kan vere med å betre inntektsgrunnlaget til skisenteret.

– Det verkar som at regelrytteriet har teke fullstendig overhand, seier Alfred Bjørlo til NRK.no.

– Unikt reiselivstilbod

Catskiiing vert ofte omtala som ei kanadisk "oppfinning", og det går ut på å bli køyrt ut i skogen eller høgt opp på fjellet med tråkkemaskin, for så å køyre uspora pudder ned att. Namnet kjem av at trakkemaskin rett og slett vert kalla snowcat på engelsk.

I Eid har kommunen gitt skisenteret på Harpefossen løyve til å ta del i ei ny nasjonal prøveordning med motorferdsel i utmark. Ei prøveordning som vart tillyst av den raudgrøne regjeringa.

– Catski på Harpefossen kan bli eit nytt opplevingsbasert reiselivstilbod som er unikt i Norge og set Sogn og Fjordane på verdskartet som vinterdestinasjon, har Bjørlo tidlegare sagt om tilbodet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ljøsureggja

TIL TOPPS: Ved Harpefossen skisenter ønskjer dei å bruke trakkemaskiner for å frakte skituristar til topps. Ordføraren er irritert over at departementet ikkje har handsama søknaden enno.

Foto: Svein Jan Hjelmeset/Terje Gilleshammer / NRK

– Veldig, veldig merkeleg

Venstre-ordføraren hadde håpa at dei allereie frå vinteren skulle kunne starte opp med tilbodet og har søkt miljøverndepartementet om løyve.

– Denne søknaden har vi fått til svar at dei ikkje har hatt tid til å behandle, sukkar ordføraren.

At departementet på same tid har gitt grønt lys for forsøk med snøskuterkøyring i over 100 kommunar provoserer Bjørlo.

Han meiner naturinngrepa ved catskiing er langt mindre enn ved skuterkøyring, og synest det er rart at departementet prioriterer å dele ut skuterløve.

– Eg synest dette er veldig, veldig merkeleg. Det vi har søkt om er ei mykje meir avgrensa ordning, med heilt minimale konfliktar for friluftsliv og støyproblematikk, seier Venstre-politikaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alfred Bjørlo

OPPGITT: Eid-ordførar Alfred Bjørlo frå Venstre er i ferd med å miste tolmodet med departementet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Må handsamast kvar for seg

Statssekretær i miljøverndepartementet, Lars Andreas Lunde, ser ikkjevekk frå at skuterkøyring kan vere verre for naturen. Han meiner likevel det er viktig at dei to motoriserte køyretøya blir behandla heilt uavhengig av kvarandre.

– Det er riktig at det er to motorkøyretøy og det gjeld snø, men elles er det to ulike aktivitetar.

– Men ordføraren i Eid kallar det regelrytteri, og meiner naturinngrepet ved catskiing er mindre enn ved skuterkøyring. Kva er din kommentar til det?

– Det er godt mogleg. Men nettopp dette viser at dette er ulike aktivitetar som har ulik påverknad på naturen, og difor må vi handsame dei kvar for seg og uavhengig av kvarandre, seier statssekretæren.

Den argumentasjonen fell ikkje i god jord hos Venstre-ordføraren i Eid.

– Dette verkar som ein utruleg byråkratisk måte å handle på. Det handlar om å bruke politisk skjønn og sunn fornuft, seier Bjørlo oppgitt.