NRK Meny
Normal

Her er den sjuke villreinen som skulle endre alt

Dei unike bileta syner funnet av den første villreinen med den frykta dyresjukdomen skrantesjuke rett før den dør. No er nær 2000 rein i same flokken utrydda.

Unike bilete av den første villreinen som vart funne med skrantesjuke (CWD) i Nordfjella.

SJÅ VIDEO: For første gong syner Statens naturoppsyn fram videoen av den skrantesjuke villreinen (Foto: Lars Nesse)

– Hadde vi landa helikopteret fem meter lenger ned i ei dump, så hadde vi ikkje sett det, seier Lars Nesse til NRK.

Den erfarne jegeren jobbar no med å koordinere kampen mot skrantesjuka. Kva som hadde skjedd om dei ikkje oppdaga den sjuke reinen veit han ikkje.

– Eg er ikkje sikker på om eg har forstått det enno, seier Nesse.

– Det sleva og rista

Saman med fagfolk frå Norsk institutt for naturforsking (NINA) var Lars Nesse på merkeoppdrag i Nordfjella, sone 1. Dei kom over ein flokk, men skyttaren bomma to gongar på villreinen.

Då er rutinen å sette helikopteret på bakken for å leite etter pilene. Kort tid etterpå skjedde det uventa.

– Vi sette oss i helikopteret og var på veg til Sogndal for å tanke. Lastemannen gjekk rundt helikopteret før vi skulle lette. Då såg han at det låg eit dyr 100 meter unna og sparka.

Skrantesjuk simle

DET FØRSTE DYRET: Denne villreinsimla er det første dyret som fekk påvist skrantesjuke i Nordfjella sone 1.

Foto: Lars Nesse

På veg bort såg dei tydelegare at det var eit sjukt dyr.

– Det sleva nedover kjeften. Frambeina rista. Ingen hadde aning om kva sjukdom dette dyret hadde, seier Nesse.

Sjokkerande funn

Først eit par veker seinare kom prøvesvaret. Det vart slått fast at villreinen hadde skrantesjuke. For seniorforskar ved Veterinærinstituttet, Sylvie Benestad, var funnet eit sjokk.

– Eg miste rett og slett søvnen i fleire netter, seier ho.

Sylvie Benestad

– MOGLEG Å UTRYDDA SJUKDOMEN: Det seier Sylvie Benestad, seniorforskar ved Veterinærinstituttet.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Funnet førte til vedtaket om at 2000 villrein seinare måtte drepast og utryddast i området.

Ved utgangen av februar i år melde Statens naturoppsyn at den statlege nedskytinga er over. Framover no skal området patruljerast med snøscooter og helikopter, for å sikre på at ein har fått ut alle dyra.

– Vi har ingen garanti for å bli kvitt sjukdommen. Men resultata frå Nordfjella viser at frekvensen er ganske låg. Det er mogleg å utrydde sjukdommen, meiner Sylvie Benestad.

Vegopning på Bergum i Førde kommune