Hopp til innhold

Denne vil Vegvesenet at fleire skal bruke aktivt

FØRDE (NRK): Det er livsfarleg for eit barn å leggje bilbeltet under armen. Vegvesenet ber foreldre ta eit enkelt, men viktig grep for å unngå problemet.

Terje Nygård viser fram bilbelteregulatoren

TILPASS DENNE: Inspektør i Statens vegvesen, Terje Nygård, håpar fleire blir flinke til å tilpasse høgda på bilbeltet til barna som sit i bilen. – Når barnet har sett seg inn, sjå over korleis beltet blir liggande, er oppmodinga hans.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Mange foreldre festar barna sine i beste meining og trur at barnet er sikra godt nok. Det er dei i høve lova, men mange tenker ikkje over dette med høgda på beltet, seier inspektør Terje Nygård i Statens vegvesen.

Midt i laurdagstrafikken hadde Vegvesenet kontroll i Førde, der sikring av barn i bil vart sett i fokus. Blant feil som går igjen er for lause internbelte i barnestolane til dei minste og at dei litt eldre barna som får sitte framme ikkje har beltet godt nok inntil kroppen.

Skal ligge over hoftene og skuldra

I Norge er det påbode å sikre barn i bil. Blir du stoppa av politiet eller Statens vegvesen i ein kontroll med barn under 15 år usikra i bilen, er det du som sjåfør som blir straffa. Ifølgje Statens vegvesen blir resultatet eit førelegg på 2250 kroner og to prikkar i førarkortet.

Reidun Tryggestad

VIKTIG: Reidun Tryggestad i Statens vegvesen seier det er veldig viktig at foreldra er flinke med å etterstramme belta på både seg sjølv og barna sine.

Foto: Erling Wåge/Fjordenes Tidende

Barn som er over 135 centimeter høge kan sitte i bilens eigne seter, også framme. Men ifølgje Vegvesenet er ei typisk utfordring at beltet kjem for høgt og blir liggande inn mot halsen.

– Spesielt barn reagerer dersom bilbeltet blir liggande inntil halsen. Det er ikkje farleg, men dei vil oppleve det som ubehageleg, seier inspektør Reidun Tryggestad som jobbar med undervisning i trafikktryggleik.

Resultatet kan bli at barnet legg bilbeltet bak ryggen eller under armen. Blir beltet lagt under armen vil dei indre organa bli blottlagde.

– Det er utruleg viktig at bilbeltet ligg over hoftene og skuldra, slik at det er dei som tek imot viss noko skulle skje, seier Tryggestad.

I dei aller fleste bilar er det ein belteregulator ein kan stille opp og ned. Inspektør Terje Nygård opplevde på kontrollen i dag at fleire ikkje var kjent med moglegheita.

– Vi hadde fleire tilfelle i dag der vi måtte vise funksjonen med å justere høgda på beltet.

– Skal ligge tett inntil kroppen

Audun Heggestad

OVER HOFTA OG IKKJE MAGEN: Audun Heggestad i Trygg Trafikk oppmodar foreldre om å sjekke at bilbeltet ikkje blir liggande over magen, men at det ligg over hoftene. Dette gjeld både for barn som sit i beltestol, på pute og dei som sit i bilens eigne seter.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Audun Heggestad i Trygg Trafikk seier det i seg sjølv ikkje er farleg at beltet ligg over halsen, men at det er veldig farleg når barn som opplever det som ubehageleg flyttar på bilbeltet.

– Det aller viktigaste er at beltet ligg så tett inntil kroppen som mogleg. Då unngår ein store bevegelsar i ein kollisjon eller i ein kraftig bråbrems.

Oppmodinga frå Vegvesenet og Trygg Trafikk er: Tilpass høgda på beltet slik at det blir liggande tett inntil kroppen på barnet.

– Det å ha beltet under armen er så trafikkfarleg at sjåføren kan bli politimeld, seier Tryggestad.