Hopp til innhold

Fjernar film frå kino fordi han er blitt altfor populær

Har du ikkje sett filmen om søskenparet på Kleiva i Naustdal? Då kan siste tog vere gått. No vert filmen teken av plakaten – rett og slett fordi for mange har sett han.

Søsken til evig tid

HIT, MEN IKKJE LENGER: 'Søsken til evig tid' kjem ikkje til å bli oppsett på fleire kinoar, rett og slett fordi for mange har sett han.

Foto: Frå filmen / Søsken til evig tid

Kinodokumentaren «Søsken til evig tid» av mellom anna regissør Frode Fimland frå Naustdal, har gått sin sigersgang på norske kinoar sidan premiera.

Ifølgje facebook-sida til filmen, har 36.662 personar gått på kino for å få med seg historia om dei to søskena i Naustdal som lever livet sitt på garden som i gamle dagar.

Men no er kinosuksessen slutt, ifølgje VG.

Reknar per sal og ikkje per kino

Filmen får ein bråstopp på kino. Og grunnen til det er at filmen rett og slett er vorten altfor populær.

Ifølgje VG var Norge det første landet i verda som gjennomførte digitalisering av alle kinoar, noko som vart gjort i 2010. Det førte til at det vart rimelegare både å lage og distribuere filmkopiar. Dermed fekk også mange av dei små og mellomstore kinoane i Norge også syne dei aller største og mest populære filmane.

Men det førte også til at det ville bli langt mindre rom for dei meir smale filmane.

Difor laga ein til ordninga med oppsetjingsstøtta. Ein får 2000 kroner i stønad per kinosal inntil 90 salar, viss filmane vert synte fire gonger eller meir. Ein reknar i salar og ikkje i kinoar.

– Filmen går no i 89 salar rundt om i ladet. Dersom filmen vert sett opp i endå ein kinosal, fell støtta vekk, seier Tor Fosse i distribusjonsselskapet Tour de Force.

Skulle hjelpe dei smale

Det vil for «Søsken til evig tid» bety at dei mister 70.000 kroner i oppsetjingsstønad. Dermed har ikkje distribusjonsselskapet råd til å gjere noko anna enn å stoppe filmen.

Bransjeorganisasjonen Film & Kino administrerer støtteordninga, og direktør Lene Løken ser no at ordninga har sine avgrensingar.

– Ordninga vart oppretta av omsyn til dei smalare kvalitetsfilmane sin plass hjå dei små og mellomstore kinoane i 2010, seier Løken til avisa.