Hopp til innhold

Denne veka kan Silvia bli verdas sterkaste

Silvia Kapstad (20) blir spådd ei lysande karriere som styrkeløftar. Trenaren hennar trur verdsmeistertittelen er innan rekkevidd.

Silvia Kapstad under NM i styrkeløft 2015

GLER SEG: 20-åringen frå Førde kjenner på mange kjensler får VM denne veka. – Eg gler meg, det blir veldig gøy. Men nervane er der. Så det er ei blanding, eg gruar og gler meg om ein annan, seier ho.

Foto: Norges styrkeløftforbund

– Ho er skrekkeleg god og er allereie regjerande europameister, seier Lars Edvin Samnøy.

Han er trenar for det norske juniorlandslaget i styrkeløft, der ei 20 år gamal Førde-jente har blitt sjølvskriven gjest.

Kapstad har berre drive aktivt i to og eit halvt år, og kan ha mange år framfor seg i toppen. Samnøy seier det er stort at ho allereie er europameister.

– Det er imponerande med tanke på at ho har tre år att som junior. Ho har teke store steg, og eg trur ho kan sitte att med ein verdsmeistertittel for junior i år.

Tek ingenting på forskot

Og kampen om verdsmeistertittelen, den går føre seg i Polen, torsdag denne veka. Under junior-VM i fjor vart det ein sur fjerdeplass på Kapstad.

Ho blir litt forlegen når ho høyrer kva trenaren trur ho kan prestere i år.

– Hehe, det er jo mogleg. Men eg likar ikkje å seie at eg greier det, men eg skal jo prøve så godt eg kan.

– Du tok EM-gull, gir det deg sjølvtillit inn i dette stemnet?

– Eg legg det frå meg, dette er eit nytt stemne. At eg er europameister kjem ikkje til å hjelpe meg å bli verdsmeister. Eg blir ikkje verdsmeister før det siste markløftet er drege opp, seier ho.

Treningsglede

HØGT NIVÅ: Silvia Kapstad blir skildra som ein svært dedikert og god styrkeløftar av trenar Lars Edvin Samnøy: – Ho er allereie på eit så godt nivå at ho kunne vore med å kjempe om ein plass på seniorlandslaget.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Vil perse

Og skal ho sjølv bli fornøgd etter siste løftet i markløft, må ho ha fått opp meir enn 200 kilo. Det er nemleg personleg beste, og Kapstad vil veldig gjerne slå sine eigne rekordar i VM.

– Eg har ikkje sett meg noko kilomål, men eg vil løfte meir enn eg har gjort før, seier ho.

Grunnlaget for den gode løftinga legg ho på trening fem gonger i veka. Ei typisk økt kan vare mellom halvannan til tre timar.

– Ein idrett eg elskar

Kapstad seier ho aldri hadde blitt så god utan god støtte frå dei rundt.

– Eg har vore veldig heldig. Dette er ein idrett eg elskar, som eg har blitt god i. Det at eg har fått så mykje hjelp og støtte, har mykje å seie for kor langt eg har nådd.

Sjølv veit ho ikkje kor lenge ho vil halde på med styrkeløft, men trekk fram glede og driv til å gjennomføre treningane som viktige faktorar.

Landslagstrenar Samnøy håpar Kapstad blir i gamet lenge.

– På meisterskap har ho eit konkurransemodus som kan ta ho langt. Held ho ut lenge, vil ho kunne bli ein av dei betre løftarane vi har sett i Norge, seier han.