NRK Meny
Normal

No er det ekstra sannsynleg at du må blåse

Både tidleg og seint, på lite og mykje trafikkerte vegar. Denne veka må tusenvis av førarar blåse for politiet landet rundt.

Alkometer

MANGE MÅ BLÅSE: Sjansen er større enn vanleg for at du blir stogga og må blåse i denne om du ferdast på vegane denne veka.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Trond Hatlenes

AKSJON: Trond Hatlenes i politiet seier mange kan vente seg å bli stoppa av politiet i promillekontrollar denne veka.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Berre i Sogn og Fjordane måtte vel 450 førarar blåse for politiet som stod på vegar over heile fylket med sine alkometer i går. I 11-tida tysdag føremiddag er allereie 350 førarar kontrollerte i ulike promillekontrollar i fjordfylket.

Trafikkoordinator Trond Hatlenes i Sogn og Fjordane politidistrikt seier dei vil halde fram på same måte heile veka.

– Denne veka er det ein nasjonal kampane opp mot rus, der det blir gjennomført mange promillekontrollar over heile landet, også i Sogn og Fjordane, seier han.

– Kva dag som helst

Hatlenes seier politiet på denne måten ønskjer å vise at dei slår hardt ned på promillekøyring, og håpar det skal ha førebyggjande effektar på fleire måtar.

– Folk vel å køyre med promille kva dag som helst i veka, og når som helst på døgnet, seier han.

Under ein kontroll i Askvoll måndag morgon vart ein mann i 60-åra stogga med lågpromille, som vil seie ein promille under 0,2. Vedkommande fekk køyre vidare når han kunne blåse til 0,0.

Kari Randen

DRIKK MEIR: Kari Randen i alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL seier desember er den månaden der nordmenn drikk mest.

Foto: Irene Sandved Lunde/Bård Gundersen

– Den månaden der vi drikk aller mest

Aksjonen blir gjennomført i samarbeid med alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL. Dei jobbar for betre alkovett i samfunnet, og bodskapen deira er at det nokon gonger ikkje passar seg med alkohol.

Dagleg leiar Kari Randen seier dei veit at det er ekstra viktig med fokus på promille og bilkøyring i vekene fram mot jul.

– Vi veit at desember er den månader der vi drikk aller mest, noko som mellom anna fører til at fleire køyrer med promille. Vi er opptekne av å gjere trafikken trygg og sikker for alle, og ønskjer å minne bilførarane på at det er viktig å vere bevisst på at bilkøyring og alkohol ikkje høyrer saman, seier ho.

– Ver bevisst dagen etter

Ho seier dei aller, aller fleste har gode haldningar og meiner det ikkje er greitt å kombinere alkohol og bilkøyring. Med aksjonen denne veka håpar dei spesielt å nå ut til dei som skal køyre dagen etter dei har nytt alkohol.

– Vi veit at sjølv om ein har låg promille er sjansen for å forårsake ei bilulukke høgare. Difor er det viktig at alle tenkjer over korleis dei skal gjere det med bilkøyring om dei til dømes har vore på julebord.

Ifølgje Trond Hatlenes i politiet i Sogn og Fjordane vil dei under kontrollane også ha fokus på bilbelte, mobilbruk, gode nok dekk, at rutene er skrapa for is og snø og teknisk stand på bilane dei stoppar.