Denne vegen opnar tidlegare enn planlagt

Oppryddinga på rasstengde fylkesveg 616 i Bremanger gjekk raskare enn planlagt. Allereie i dag skal vegen opne att.

Steinraset i Bremanger

STORE BLOKKER: Raset er høgt og breitt, og steinblokkene store. Steinane tok med seg rassikringa i fjellsida.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vegen skal i alle fall opne for trafikk kl. 19 i kveld, seier Roger Nedberge Hille ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

Det var torsdag kveld eit stort steinskred stengde vegen mellom Oldeide og Hamnen i Bremanger.

Statens vegvesen melde før helga at vegen truleg ikkje ville opne før på måndag grunna opprydding.

– Det ser ut til at det har gått raskare enn planlagt med rydding og reinsking, seier Nedberge Hille.

Fylkesveg 616 opnar difor seinast kl. 19 i kveld, melder Vegtrafikksentralen.

Vegstenginga gjer at bygdene i Ytre Bremanger har fått lang omkøyringsveg for å komme seg med bil sørover.

Laster Twitter-innhold