Innbyggjarane i Vik i Sogn har blitt nøydde til å klare seg utan vegen over Vikafjellet i til saman 31 døgn i vinter.
Dette er den fjellovergangen i Sør-Noreg som har vore hyppigast stengd så langt i vinter. Fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal er nummer to med 12,5 stengde døgn. I andre enden av tabellen ligg vegen over Filefjell, som ikkje har vore stengd ein einaste time.
– I vinter har det vore mykje vind og nedbør i fjellet. Det er ikkje ein uvanleg vinter, men det har vore mykje snø i forhold til dei siste åra, seier Svenn Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen Sogn og Fjordane.
Lang omkøyring
Når vegen over Vikafjellet er stengd, er omkøyringsvegen lang for dei som skal til eller frå Vik.
– Det har vore ein utfordrande vinter og vi har merka at fjellet har vore mykje stengd, seier Jorunn Åsfrid Røyrvik. Ho er hotellsjef og er leiar i Vik næringssamskipnad.
Vik er den tredje største industrikommunen i Sogn, og det er mykje varetransport til og frå kommunen.
– Det er skikkeleg ille for næringslivet at vegen har vore så mykje stengd, og spesielt at det er så uføreseieleg. Det er ei stor utfordring når det plutseleg kan bli stengd på grunn av fare for ras, seier Røyrvik.
Krevjande vinter
– På Vikafjellet har det til tider vore svært utfordrande og vanskelege arbeidsforhold for dei som jobbar der. Dei brøyter seg gjennom, men vinden gjer at det bles att med ein gong, seier Finden.
31 dagar med stengd veg over Vikafjellet kan verke mykje samanlikna med fjoråret, men vinteren 2014-2015 var riksvegen stengd i over 80 døgn.
– Vikafjellet er utsett for vêr, og dette vil alltid vere problematisk på vinterstid. Skal ein ha ein sikker, heilårsopen veg, så er det naudsynt med eit større prosjekt, som for eksempel eit tunnelprosjekt, seier Finden.
Statens vegvesen skal gjere ei utgreiing av kostnadsreduserande tiltak for vegen over Vikafjellet. Dette skal vere ferdig i løpet av 2019.