Hopp til innhold

Vegen er så smal og dårleg at trailersjåførar får angst

Livsnerven til fiskeribygda Kalvåg er så smal og farleg at sjåførar nektar å køyre og fleire har tatt til tårene. Seinast denne veka velta eit vogntog i grøfta og sperra vegen i fleire timar.

Ulukke

SMALT OG GLATT: Dette vogntoget køyrde av vegen mellom Bremanger og Kalvåg. Ei knapp veke tidlegare skjedde det same.

Foto: Alf-Haakon Harlem

Vegen mellom Kalvåg og Bremanger er både svingete og smal, noko som gjer at bygdefolket er vande med uhell som stenger vegen i lange periodar.

– For fisket sin del håpar eg på ein kald og snørik vinter, men for vegane sin del ber eg om at den blir mild og våt, seier Per Røys i Pelagia Kalvåg.

Tunge køyretøy går i skytteltrafikk mellom bygdene for å frakte sildetønner frå det vesle kystsamfunnet og ut til resten av verda.

Grinande svenskar

Historiene er mange om ein vegstandard som har fått vogntogsjåførar til å riste febrilsk på hovudet av frykt, men verst gjekk det for to svenske sjåførar ei mørk uvêrsnatt.

– Framme i førarsetet sat sjåføren som grein. Han nekta å køyre vidare og tårene trilla. Svenskane hadde køyrd seg fast, og hevda dei aldri skulle tilbake på desse vegane, seier Røys.

På vinteren er det fleire sjåførar som nektar å køyre til Kalvåg for å hente sild. Dei meiner den glatte og dårlege vegen er farleg. Røys fått fleire urolege telefonar frå transportsjefar.

– Ein av dei ville eg skulle køyre langs vegen for å sjå etter sjåføren hans. Det siste han hadde høyrt var banning, etterfølgt av eit høgt smell. Då viste det seg at føraren av vogntoget hadde køyrt utfor ei bru og ut i sjøen på eit av dei smalaste partia, seier Røys.

Per Røys

TATT OVER RATTET: Per Røys i Pelagia Kalvåg har fleire gonger tatt over rattet til sjåførar som nekta å køyre vidare.

Foto: Bård Siem / NRK

Spleisar på betre veg

Ei aksjonsgruppe har sett seg lei på smal og stengd veg i ytre Bremanger, og samla inn to millionar til eit spleiselag for betre veg.

– Med dei midlane er vi i gong med planlegging av nokre strakstiltak. Det er forbetring av sikt, utbetring av møteplassar og å gjere framkjømda betre, seier Tone Anette Espe – seksjonsleiar i vegseksjon Fjordane i Statens vegvesen.

– Er det nok til sette ein stoppar for ulukkene som har vore dei siste åra?

– Det vil gjere situasjonen betre enn den er, seier Espe.

Sperra brua på 50-årsdagen

Etter planen skal utbetringsarbeidet starte i løpet av 2019.

– Det er eit lite bidrag, men vi får gjort noko med det som er mest akutt, seier Røys.

Den dårlege vegen er eit samtaleemne i både Kalvåg og Bremanger, spesielt om vinteren. Røys har fleire uhell friskt i minne. Han kryssar fingrane for at han ikkje får sin eigen 50-års dag i reprise denne vinteren.

– Dagen eg fylde 50 år klarte ein semitrailer å sperre brua over til fabrikken. Både fisk og tilsette blei frakta med båt i over to døgn, seier Røys.

Trailer i sjøen ved Kalvåg

I GRØFTA: Tidlegare har vogntog hamna både i grøfta og elver langs vegen.

Foto: Ole Røys