Hopp til innhold

Denne utsikta kan bli Instagram-tapar

Turistattraksjonar i Norge kan gå glipp av store mengder gratis marknadsføring grunna dårleg eller ingen mobildekning. Trådlaust internett kan bli løysinga.

Utsikten ved Gaularfjellet

INGEN DELING: På Utsikten på Gaularfjellet er det ingen mobildekning. Det gjer at turistane ikkje får lagt ut opplevingane sine medan dei er der.

Foto: Jiri Havran / Jiri Havran

– Ein av dei viktigaste måtane å visa fram kor flott fjord-Norge er via deling av bilde på sosiale medium, seier administrerande direktør i Fjord Norge, Kristian Jørgensen.

Utsikten Gaularfjellet

Denne utsikta får antakeleg lite spreiing på Instagram.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

I fjor sommar opna Utsikten på Gaularfjellet i Sogn og Fjordane, og turistane strøymde til. Men dekningskarta til både Telenor og Telia viser at det ikkje er nokon form for mobildekning i området. Det same gjeld store delar av dei nasjonale turistvegane i Sogn og Fjordane, som går over Sogne-, Aurlands- og Strynefjellet.

Då er det vanskeleg å dele bilde umiddelbart på sosiale medium som Instagram.

Gratis marknadsføring

Trolltunga i Odda kommune i Hordaland hadde i fjor 80.000 besøkande og Preikestolen i Rogaland hadde 285.000. Der er det mobildekning og dei bruker knapt pengar på marknadsføring. Den får dei gratis frå besøkande som deler bilde og video av sine opplevingar.

Trolltunga

På Trolltunga (bildet) og Preikestolen er det selfie-kø.

Foto: Asle Hella / NRK

– Vi jobbar med å få til trådlaust nett på Utsikten på Gaularfjellet. Det vil vera ein stor fordel for då kan besøkande legga ut bilde på sosiale medium med ein gang dei er der, seier dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling, Rolf Sanne-Gundersen.

– Turistar frå Asia, USA og Sør-Amerika har ikkje gratis bruk av mobildata i Norge og då er trådlaust nett ekstra viktig for dei, seier Jørgensen i Fjord Norge.

Kommunane Balestrand, Gaular og Førde har tatt kontakt med Sunnfjord Utvikling for å sjå på mogelegheita for å bygge ut WIFI på Utsikten. Enivest er sett på saka, og Sunnfjord utvikling ventar oversikt over kva det vil kosta.

For Telenor har ingen planar om å utbetra dekninga i området.

– Veldig mange av desse nasjonale turistvegane går i område utan infrastruktur som straum og samband. Vi har ikkje eit eige budsjett til å bygge ut dekning i desse områda, seier dekningssjef i Telenor, Bjørn Amundsen.

Utsikten opning

POPULÆR: Mange tok turen til opninga av Utsikten på Gaularfjellet i fjor.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Dyrt?

Sjølv om Sunnfjord Utvikling enno ikkje har fått ein pris på kva det vil koste å sette opp trådlaust nett, kan det kome opp i om lag ein million kroner. Det er i same prisklasse som å sette opp sendar for mobildekning i området.

– Nokon sa til meg at det er dyrt, men dyrt målt opp mot kva? Om det fører til god marknadsføring internasjonalt er det ikkje sikkert det er dyrt, seier Sanne-Gundersen.

Dei hadde som mål å få på plass trådlaust nett alt i sommar, men dei har innsett at det er for kort frist. No er målet å få det på plass så fort som mogeleg, men først må dei få ein pris på prosjektet.