Hopp til innhold

Denne utsette vintervegen skal få betre standard

NORDFJORDEID (NRK): Statens vegvesen vil ha slutt på sporete og snødekt veg på riksveg 15. Neste vinter hevar dei standarden og krev bar asfalt året rundt.

Trafikktrøbbel i Svarstadsvingane

SVARSTADSVINGANE: Like vest om Stryn startar stigninga mot Langesethøgda. Vinteren 2014 såg det slik ut.

Foto: NRK.no-tipsar

– Det er glede og musikk i mine øyrer at dei satsar på den strekninga, seier dagleg leiar Ingebrigt Naustdal i Naustdal Transport.

Naustdal sine sjåførar køyrer titt og ofte på strekninga Nordfjordeid–Stryn. At Vegvesenet no krev betre vintervegar, vert godt motteke.

– Det er ofte problem med at det vert sole og sporete veg. Det blir som regel tre spor, og det er eitt for lite når du møter ein bil, seier Naustdal.

Nye, store kontraktar

Nye driftskontraktar er bakgrunnen for av bilistar kan vente seg meir framkommelege vegar frå hausten 2018. To store anbod vert lyste ut før jul, for Nordfjord og Ytre Sunnfjord, og vegvesenet skjerpar krava.

– Endringa vert at vi skal prøve å halde vegen mest mogleg bar. Vi kjem til å brøyte og høvle oftare enn i dag, seier Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

Til dømes vil rv. 15 mellom Nordfjordeid og Ospelitunnelen mot Strynefjellet og strekninga Kjøs–Kvivstunnelen få auka standard i høve tidlegare. Også dei mest trafikkerte fylkesvegane, som fylkesveg 60 mot Olden og Utvik vil få høgare standard. Liknande krav vert stilt for vegane i Ytre Sunnfjord.

– Vi vil få betre framkomst og tryggleik for bilistane.

Ingebrigt Naustdal framfor ein lastebil

GODT NØGD: Dagleg leiar Ingebrigt Naustdal i Naustdal Transport.

Foto: Silje Guddal / NRK

Meir salt og meir brøyting

Strekninga Nordfjordeid Stryn har i dag fleire krevjande parti vinterstid, som vegen gjennom Markane og over Langesethøgda. Mange er også kjent med at det fort vert svært glatt enkelte parti i Holmøyane.

– Litt meir salting vert det, men vi vil jo prøve å redusere det mest mogleg, ved å bruke slafseplog før vi saltar, seier Karlsen.

Karlsen viser til at dei vinteren 2015 heva standarden langs Jølstravatnet, på same måte som no vert gjort i Nordfjord og Ytre Sunnfjord, noko som hadde god effekt.

– Før hadde vi mykje klager der, men sist vinter kan ikkje eg huske vi fekk ei einaste klage.

Lettar arbeidsdagen

Hos Naustdal Transport er nye piggfrie vinterdekk komne på bilane. Lengst bak heng kjettingane klare. Når arbeidsdagen er bak rattet på eit 50 tonn tungt vogntog er gode vintervegar alfa og omega, understrekar Naustdal.

– Det vert lettare å kome seg fram, lettare å halde rutetidene og ikkje minst vert tryggleiken betre, både for oss og dei vi møter, seier Naustdal om den komande vintervegen på riksveg 15.

Kontraktane startar i september 2018.