Normal

Utdanninga Kristina tar bergar distriktsbarnehagane

FØRDE (NRK): Kristina Mundal har tatt utdanning som barnehagelærar på arbeidsplassen sin. Dermed er ho ein av dei som kan ha vore med på å berga barnehagane i distrikta.

Barnehagelærar Kristina Mundal saman med to av barna i Vieåsen barnehage.

VIKTIG: Barnehagelærar Kristina Mundal leiker med Olivia (2) og Mohammad (1). Mundal tok arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning, og er dermed del av ei viktig gruppe.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

– Er de Bukkane Bruse? I Vieåsen barnehage er Kristina Mundal ute med barna frå småbarnsavdelingane. Mundal var ferdig utdanna barnehagelærar i 2013, mykje takka vera moglegheita til å ta utdanning medan ho jobba i heimkommunen.

– Det var fint å sleppe å flytte vekk. Eg var jo etablert i Førde, og treivst med å jobba her i barnehagen.

Kristina Mundal på uteområdet til Vieåsen barnehage i Førde

LÆRERIKT: Kristina Mundal tykkjer det var effektivt for læringa å jobbe samstundes som ho studerte.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

I 2009 inngjekk Førde kommune eit samarbeid med Høgskulen i Sogndal. Samarbeidet la til rette for arbeidsplassbasert utdanning, slik at assistentar og fagarbeidarar tar barnehagelærarutdanning på deltid. Samstundes arbeider dei deltid i barnehage.
Medan dei er under utdanning får dei økonomisk støtte, og er sikra jobb når dei er utdanna.

– Det var litt krevjande med jobb og skule samstundes. Men det var utruleg lærerikt. Eg fekk jo bruke teorien frå undervisninga på jobb heile tida, seier Mundal, som var i det første kullet som tok arbeidsplassbasert utdanning i Førde.

– Det har vore redninga

Administrerande direktør i Private Barnehagers landsforeining, Arild Olsen, er klar på at denne typen ordning for utdanning er viktig for å få nok barnehagelærarar i barnehagane i distrikta.

– Arbeidsplassbasert utdanning har nok vore redninga for mange barnehagar.

Olsen seier at det er god tilgang på pedagogar i Norge, men at det kan vera vanskeleg å få tilsett mange nok i barnehagane som ligg langt frå utdanningsinstitusjonar.

Arild Magne Olsen PBL

VINN-VINN: Det er bra for både barnehagar å tilsette å satse på å auke kompetansen til assistentar, seier administrerande direktør i PBL, Arild Olsen.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Med slike ordningar får tilsette betre moglegheit til utdanning, og arbeidsplassar får fleire pedagogar. Det er ein vinn-vinn situasjon.

Arild Olsen trur fleire burde gjere som Førde kommune, spesielt no når pedagognorma skal innførast.

– No skal jo pedagogandelen i barnehagane aukast til 43 prosent i august neste år, så me oppfordrar alle til å nytte moglegheita til vidareutdanning dersom dei får den. Det trengst nok fleire barnehagelærarar i tida framover.

Kunne ha mangla mange

Kommunalsjef for oppvekst og skule i Førde kommune, Helge Sæterdal, fortel at dei kunne fått problem utan arbeidsplassbasert utdanning.

– Hadde det ikkje vore for at så mange ønsker å ta vidareutdanning hadde me mangla tretten pedagogar når pedagognorma skal innførast. Men no har me eit kull som blir ferdig i tide.

Ifølge Sæterdal var det nettopp mangel på pedagogar som gjorde at dei starta ordninga.

– Tidlegare har me mangla pedagogar her i kommunen. Me hadde for få eksterne søkarar. Men etter me sette i gang arbeidsplassbasert utdanning i 2009 har me vore på normalt nivå.

Tilbake i Vieåsen barnehage har barnehagelærar Kristina Mundal ei klar oppfordring.

– Viss du går og lurer på å ta denne utdanninga, så berre gjer det! Å vera barnehagelærar er ein utruleg givande og viktig jobb.

Vegopning på Bergum i Førde kommune