NRK Meny
Normal

Denne tunfisken kan bli millionlukke for mange fiskarar langs kysten

Det er med gull i blikket dei lossar den verdfulle fangsten, mannskapet på M/S «Bluefin». Er dei heldige med kvaliteten på tunfisken makrellstørje kan det bety millioninntekter, og ei lysande framtid for mange fiskarar langs norskekysten.

M/S "Bluefin" lossar makrellstørje i Florø.

STOR FANGST: Mannskapet på M/S "Bluefin" lossa den verdfulle fangsten i Florø fredag. Berre ein fisk kan åleine vere verdt millionbeløp om kvaliteten er god.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Det var veldig tøft. Vi har sett dei hoppe rundt her dei siste dagane, men å få dei heilt opp på dekk var veldig spesielt, seier fiskar Linn Theres Reksten Nekkøy. Fredag var ho saman med kollegaene i Florø for å losse fangsten.

Ein av dei mest segnomspunne matfiskane kan igjen verte ei gullnæring for fiskarar langs norskekysten. Forskarane har ikkje på over 40 år sett så store mengder av verdas største tunfisk utanfor kysten vår.

Pengane lokkar

Torsdag var gleda var stor om bord i fiskebåten M/S «Bluefin» frå Florø. Etter fleire bomkast klarte mannskapet å hale om bord 29 makrellstørjer utanfor Øygarden i Hordaland. Den samla vekta på fangsten var kring seks tonn.

M/S "Bluefin" lossar makrellstørje i Florø.

FISKARAR: Linn Theres Reksten Nekkøy og Ole Henning Årebrot fekk torsdag oppleve det få andre norske fiskarar har opplevd då dei fekk om bord 29 makrellstørjer.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Ikkje berre er verdas største og raskaste tunfisk vanskeleg å fange, men fisken vert og omtalt som den dyraste fisken i verda. Er fiskarane heldige med kvaliteten og etterspurnaden, kan kiloprisen verte fleire hundre kroner. Fisken vert rekna som delikatesse i mange i land, og spesielt i Japan er den ettertrakta i sushi. Frå fiskemarknaden i Tokyo finst det døme på kjøparar som har betalt over fire millionar kroner berre for ein fisk.

– Nett som på 70-talet

Sjølv om oppførselen til størja triggar jaktinstinktet til sindige fiskarar, er det altså prisen dei kan oppnå som får dollarteikna til å glitre i auga til fiskarar som no ventar på at kvotane skal verte auka. Etter mange tiår med overfiske forsvann størja omtrent frå norske farvatn på tidleg 80-talet.

Mannskapet på M/S "Bluefin" lossa 29 store makrellstørjer på kaia i Florø som dei fekk rett utanfor Øygarden i Hordaland. Bestanden er stor og kan bety millioninntekter for mange fiskarar langs norskekysten.

SJÅ TV-SAKA HER: MS «Bluefin» frå Nekkøy i Flora har fått løyve til å drive med forsøksfiske etter makrellstørje i 2017. Torsdag halte dei i land 29 størjer på eit kast, dette kan gi dei store pengar i kassen.

– Dette ser lovande ut. Vi ser at bestanden har auka kraftig dei siste par åra. Det er godt nytt for fiskarane. Størja kan igjen verte ein viktig ressurs. No er mengdene så store at dei minner om tilstandane på 70-talet då 30–40 båtar fiska makrellstørje langs norskekysten, fortel Øyvind Tangen frå Havforskingsinstituttet.

Knallharde forhandlingar

Han har vore med «Bluefin» dei siste dagane for å kartlegge bestand og kvalitet. Han er optimist på fiskarane sine vegner med tanke på at det kan verte mogeleg å få auka kvotane. Det er opna for kommersielt fiske, men den norske kvoten er i dag på berre 52 tonn. «Bluefin» frå Florø er den einaste norske båten i år som har lov til å fiske makrellstørje.

– Det er fantastisk å sjå at verdas mest segnomspunne fisk er på full fart tilbake i norske farvatn, rett utanfor stovedøra vår. Men dei internasjonale forhandlingane er knallharde, så kor store kvotar Norge får er uråd for meg å seie noko om, seier forskar Lars Nøttestad hos Havforskingsinstituttet.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå