Hopp til innhold

Kvinne (18) pågripen i Førde etter bombetrussel

Ei 18 år gammal kvinne frå Sogn og Fjordane er pågripen i Førde etter bombetrusselen som tysdag førte til full evakuering av Bergen Lufthamn Flesland. Politiet vurderer å varetektsfengsle henne.

Flesland 3

EVAKUERT: Heile Flesland vart evakuert etter bombetrusselen tysdag kveld.

Foto: Anders Ekanger

Selskapet Widerøe tok imot trusselen mot eitt av deira fly på ei chatteside. Ifølgje Bergens Tidende var ombordstiginga i full gang då politiet vart varsla.

– Meldinga gjekk på at det var «plassert ei bombe i ein koffert på Widerøe sitt fly frå Bergen til Kristiansund som går klokka 19», seier Morten Ørn, sjef ved Bergen Sør politistasjon til NRK.

Erkjende trussel

Flyplassen vart i 21-tida opna att etter å ha vore stengd kring fire timar som følgje av trusselen. Kvinna vart pågripen i 23-tida.

– Så langt eg veit er ikkje kvinna avhøyrt, men til dei som arresterte ho erkjende ho å ha sendt meldingane. Funn på mobiltelefonen stadfestar dette, seier Ørn.

Kvinna skal også tidlegare ha retta truslar mot Widerøe. Ho set no i arrest.

– Kvinna blir avhøyrd i føremiddag og framstilt for varetekt i morgon, opplyser politiet på Twitter.

Tidlegare truslar

– Ho blir etterforska opp mot denne trusselen, samt andre forhold ho er meldt for, seier Ørn.

Stasjonssjefen seier pågripinga skjedde etter at Widerøe sitt kontor kopla truslane tysdag med liknande meldingar frå 9. februar.

– I samband med desse vart det brukt ei epostadresse som også var brukt i samband med booking av ein billett, der det også var oppgjeve telefonnummer til denne arresterte kvinna, seier Ørn til NRK.

Lensmann Jan Egil Tvinde ved Førde og Naustdal lensmannskontor seier til avisa Firda at dei dei kjenner 18-åringen frå før.

– Ho har tidlegare komme med fleire truslar, mellom anna mot lensmannskontoret i Førde, seier han til avisa.

Tvinde seier truslane skal ha kome både munnleg og skriftleg, men at politiet ikkje har sett på dei som reelle.