Hopp til innhold

Denne toppturen er for dei tøffaste

Toppturentusiastane har hatt ei strålande helg i Stryn under Stryn Rando. Her kan du bli med på delar av turen.

26 kilometer fordelt på 3.000 høgdemeter og sju fjelltoppar lokka 32 konkurranseløparar til Stryn for å måle krefter laurdag. I tillegg gjekk 51 løparar Classic.

Og skiløparane kunne knapt ønskt seg betre forhold. Strålande sol og blå himmel vart ein bonus for dei som sleit seg gjennom løypa. For tungt var det, det kunne mangeårig noregsmeister Lars Eirik Skjervheim skrive under på.

– Eg måtte bite tennene skikkeleg hardt i hop mot slutten, seier Skjervheim, som vart klokka inn på under tre timar.

I konkurransen starta løparane på skisenteret, ved 350 meter over havet og var innom Gryta (1032 moh.), Kyrkjenibba (1400 moh.), Botneskrednibba (1280 moh.), Natakupa (1400 moh.), Hestefjellsnibba (1303 moh.), Karifjellet (1320 moh.) og Gulkoppen (1306 moh.) før dei fekk gå i mål.

Talsmann for arrangørane, Johan Olai Svidal, er allereie klar på at det truleg vert nytt renn neste år.