Hopp til innhold

Fem lag med like mange poeng - denne steinen avgjorde Klassequizen

Ein stor stein måtte til for å finne dei fire laga som skal til fylkesfinalen i Klassequizen.

Steinen avgjorde Klassequizen
Foto: Rune Fossum / NRK

Frede Håland Grepstad, Magne Gryte og Rita Haveland Borlaug

1. PLASS: Frede Håland Grepstad, Magne Gryte og Rita Haveland Borlaug frå Halbrend skule i Førde.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Bjørnar Bøe, Miriam Flo og Vegard Aaland

2. PLASS: Bjørnar Bøe, Miriam Flo og Vegard Aaland frå Stryn ungdomsskule.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Endre Vigdal Øren, Olav Nundal og Scott Stewart Søvik

3. PLASS: Endre Vigdal Øren, Olav Nundal og Scott Stewart Søvik frå Farnes skule i Årdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Stijn van Oorschot, Peder Midtbø Liseth og Håkon Bakke

4. PLASS: Stijn van Oorschot, Peder Midtbø Liseth og Håkon Bakke frå Davik oppvekstsener i Bremanger.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Balder Belsvik, Anders Økland og Malin Helle

5. PLASS: Balder Belsvik, Anders Økland og Malin Helle frå Flora ungdomsskule.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sidan nyttår har Klassequizen vore på turné på kryss og tvers, og besøkt 30 ulike skular i nesten alle kommunane i fylket.

Imponert over elevane

Klassequiz-general Erlend Blaalid Oldeide seier han har blitt teken godt imot på skulane har han besøkt og er imponert over elevane.

– Dei har øvd på førehand, har nervar i heilspenn og så presterer dei bra. Eg tykkjer laga i Sogn og Fjordane har gjort det godt. Nokre tykkjer eg har vore streng og myndig, men eg har reglar eg må følgje, seier han.

Etter at 30 lag frå like mange skular har fått prøve seg, stod fem lag med 11 poeng. For å kunne skilje lag med like mange poeng, hadde Oldeide med seg ein stein som vart lag måtte tippe vekta på medan han besøkte dei.

Slik tippa laga

Kjell Arvid Stølen i NRK har halde oversikta over poengsummen til dei ulike laga. Han har også kontroll over kva vekt laga har gjetta.

– Vi har fem lag med like mange poeng, men berre fire blir med i fylkesfinalen. Difor må ein stein avgjere kven dei fire heldige er.

Dette er vekta dei fem beste laga tippa på steinen:

  • Flora ungdomsskule – 3335 g
  • Farnes skule, Årdal – 2261 g
  • Stryn ungdomsskule – 957 g
  • Davik oppvekstsenter, Bremanger – 878 g
  • Halbrend skule, Førde – 1452 g

Desse skulane går vidare

Kjell Arvid Stølen legg steinen på den grå vekta som står i studio. 1573 gram viser displayet. Dermed er det klart kven som går vidare.

– Halbrend var nærast med eit avvik på 121 gram. Dei tre andre skulane som kjem til fylkesfinalen er Farnes skule, Stryn ungdomsskule og Davik Oppvekstsenter. Flora ungdomsskule hadde det største avviket og endar på 5. plass, seier Stølen.

No blir dei fire beste laga samla for å kåre ein fylkesvinnar. Det skjer i lokala til NRK Sogn og Fjordane fredag 21. mars, direktesendt i ettermiddagssendinga. Det aller beste laget får reise på innspeling i Oslo under den nasjonale finalen i mai, send på NRK 1 laurdag 10. mai.

– Eitt lag frå kvart fylke skal kjempa i den store finalen. Kan vi få ein siger til Sogn og Fjordane denne gongen? spør Erlend Blaalid Oldeide.

Erlend Blaalid Oldeide og Kjell Arvid Stølen

KLASSEQUIZ-SJEFANE: Erlend Blaalid Oldeide og Kjell Arvid Stølen har ansvaret for Klassequizen i år.

Foto: Rune Fossum / NRK

Rangering Klassequizen

Plass

Skule

Poeng

Avvik på steinvekt

Gjennomsnittspoengsum: 8,133

1.

Halbrend skule, Førde

11

121 gram

2.

Stryn ungdomsskule

11

616 gram

3.

Farnes skule, Årdal

11

688 gram

4.

Davik oppvekst, Bremanger

11

695 gram

5.

Flora ungdomsskule

11

1762 gram

6.

Førde ungdomsskule

10

 

7.

Eid ungdomsskule

10

 

8.

Kvåle skule, Sogndal

10

 

9.

Vågsøy ungdomsskule

10

 

10.

Byrknes skule, Gulen

9

 

11.

Dalsøyra skule, Gulen

9

 

12.

Kaupanger skule, Sogndal

9

 

13.

Hafslo ungdomsskule

9

 

14.

Vassenden skule, Jølster

8

 

15.

Lærdalsøyri skule, Lærdal

8

 

16.

Gloppen ungdomsskule

8

 

17.

Luster ungdomsskule

8

 

18.

Olden skule, Stryn

8

 

19.

Våge skule, Fjaler

7

 

20.

Stadlandet skule, Selje

7

 

21

Tangen skule, Årdal

7

 

22.

Høyanger skule

7

 

23.

Fjaler ungdomsskule

6

 

24.

Feios skule, Vik

6

 

25.

Naustdal barne- og ungd.sk

6

 

26.

Hyllestad skule

6

 

27.

Bulandet skule, Askvoll

6

 

28.

Viksdalen skule, Gaular

6

 

29.

Sagatun skule, Balestrand

5

 

30.

Askvoll skule

4

 

Ekspander/minimer faktaboks