Hopp til innhold

Denne slitaren skal få nytt liv

Ei gammal ferje med ei spesiell historie la onsdag morgon til kai i Måløy. MF «Bjørnefjord» var den første ferja til å trafikkere Halhjem - Sandvikvåg. No er på veg «heim».

MF Bjørnefjord

GAMAL KJENNING: I mange år trafikerte MF Bjørnefjord eit av Vestlandets største samband.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Johan Brigtsen

KJØPAREN: Johan Brigtsen er no eigar av ferja som han som ung maskinist jobba om bord i.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK
Johan Brigtsen

MYKJE ARBEID: Johan Brigtsen går over delar og utstyr som følgde med ferjekjøpet.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK
MF Bjørnefjord

BILFERJE: Her stod dei første bilane som vart frakta over Sunnhordalandbassenget mellom Sandvikvåg og Halhjem på 1960-talet.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Etter ei veke på sjøen la bilferja «Bjørnefjord» til kai i Måløy i 05-tida.

– Eg var sjølv maskinist ombord eit års tid då ferja var ny og gjekk i rute på Halhjem - Sandvikvåg. No har eg kjøpt henne og skal slepe ho heim til Kvinnherad, fortel Johan Brigtsen.

Skal bli turistbåt i Hardanger

Han har planane klare for den ein gong så stolte ferja.

– Formålet med dette kjøpet er å få starta ein klubb eller ei forening og setje ferja i stand til slik den var då den var ny. Målet er at den skal brukast til turistrafikk i Kvinnherad-Tysnes-området, forklarer Brigtsen.

Ferja vart bygd i Haugesund i 1962. I 1964 vart fartøyet sett inn som det første til å trafikere Halhjem - Sandvikvåg i Hordaland, eit av dei i dag mest trafikkerte sambanda langs E39. I dag er «Bjørnefjord» eit heller trist syn. Den er komen langt over middagshøgda, Men eit falma og rustent skrog kan bedra.

Fann ho att i Nordland

– Sjølve maskina er i orden, forsikrar den nybakte ferjeeigaren som fann att den gamle fjordtravaren i Visthusfjorden i Vevelstad kommune, nær Brønnøysund i Nordland.

Båtentusiasten frå Kvinnherad har i mange år vore maskinist på turistbåtar i Karibia. For fire år sidan gjekk den no 64 år gamle sjømannen av med pensjon.

– Men eg er framleis i full aktivitet. Eg er vel ein arbeidsnarkoman, seier 64-åringen som har mykje arbeid i vente om bord i «Bjørnefjord».

Lang ferd

Turen sørover frå Nordland starta førre onsdag saman med tre kameratar. Tysdag gjekk dei i land, og sidan har Brigtsen har vore både skipper og maskinist.

Før ferda går vidare til Kvinnherad må lysmotoren/hjelpemotoren overhalast. Elles vert det ikkje lys i korkje lanterner eller andre ting om bord, fortel Brigtsen.

Etter planen legg «Bjørnefjord» frå kai i Måløy og set kursen mot Kvinnherad onsdag kveld eller torsdag morgon - med slepebåt.