Hopp til innhold

Her er verdas største batteridrivne ferje

Denne ferja går på batteri, kan frakte 120 bilar og 360 personar. Frå 2015 skal ho trafikkere E39 Lavik-Oppedal.

Batteriferje

TEK 120 BILAR: Den batteridrivne ferja skal vere i drift på E39-sambandet frå 1. januar 2015. Batteripakken om bord kjem til å vege ti tonn, og oppladingstida skal vere på ti minutt.

Foto: Fjellstrand

– Dette er utruleg stort og bra. Eg ser enormt fram til 2015, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Han var med då ferjeselskapet Norled signerte kontrakta med Statens vegvesen i dag om drift av ei elferje på sambandet E39 Lavik-Oppedal.

Allereie i sommar vart det kjent at det ikkje lenger ville vere Fjord1-ferjer som skule frakte bilar og passasjerar over Sognefjorden mellom Lavik og Oppedal. Anbodet på strekninga vart vunne av konkurrenten Norled AS, men Fjord1 klaga på avgjerda.

Samferdsledepartementet heldt fast på tildelinga, og dermed tek Norled AS over sambandet frå 2015.

Reduserer energibehovet med 50 %

Dermed vil kryssinga av Sognefjorden her føregå med ei ferje som i praksis er utsleppsfri.

– I forhold til ei dieselferje snakkar vi om ein reduksjon på 50 prosent av energibehovet. Utsleppa blir lik null, seier Gustavsen.

Ferja som skal gå på straum, må ladast kvar gong ho er til kai. Likevel er Gustavsen sikker på at ferja kjem til å bli driftssikker.

– Det er ikkje slik at folk skal vere redde for at ferja er tom for straum midtfjords, seier Gustavsen.

Trur dette er berre starten

Vegdirektøren er svært nøgd med ferja som er i emming, og meiner ein neppe hadde sett ei slik utvikling dersom staten ikkje hadde sett krav.

– Eg dreg paralellen til den første gassferja, Glutra, i 2000. Den gongen var det noko heilt nytt og revolusjonerande. Frå nyttår har vi 13 gassferjer i Norge, og i nærskipsflåten har ein nærare 50 fartøy på gass, seier Gustavsen.

Han trur elferja berre er starten på ei ønskt utvikling.

– Eg trur batteriferja vil bli noko som vil bli utviklande for heile bransjen, det er viktig som ledd i framtidig inovasjon, meiner Gustavsen.

Blir laga i aluminium

Ein grunn til at ferja kan driftast på batteri er at ein har hatt eit sterkt fokus på å gjere fartøyøet så lett som mogleg.

– Ferja vil bli svært lett sidan ho vert laga i aluminium. Dessutan er det eit to-skrogsfartøy, og der kuttar ein ytterlegare vekt. Ein har tenkt vekt gjennom heile prosessen, seier Gustavsen.

Sambandet skal frå 2015 trafikkerast av tre ferjer, ei meir enn i dag. Dei to andre ferjene er det ikkje sett så strenge miljøkrav til, men også dei har krav på seg i høve utslepp.

– Det er også minimumskrav på mykje for dei to andre ferjene, både at dei skal vere bra for funksjonshemma, universelt utforma, samt at dei har strenge krav til utslepp, stadfestar seniorrådgjevar i Vegdirektoratet, Edvard Sandvik.

Med ei ferje ekstra vil også kapasiteten på sambandet bli noko høgre.

– Nøyaktig prosenttal har eg ikkje, men kapasiteten vil auke monaleg, seier Gustavsen.

Elferja skal byggjast ved Fjellstrand verft i Kvam i Hordaland.