Hopp til innhold

Denne silda betalar nederlendarane dyrt for

KALVÅG (NRK): Nærmare 200 kroner kiloen betalar dei i matbutikkane i Nederland for delikatessa matjessild som blir produsert ved Pelagia sin fabrikk i Kalvåg. 3500 tonn blir sendt frå Kalvåg til Nederland i år.

Pelagia, Kalvåg. Til høgre Per Røys

FORNØGDE: Den nederlandske oppkjøparen Guido Van Vermadden og fabrikksjef Per Røys ved Pelagia i Kalvåg er fornøgde med kvaliteten på årets sild. Van Vermadden følgjer produksjonsprosessen for at matjessilda skal bli av beste kvalitet.

Foto: Vivian Stephenson

Ein eim av saltlake, eddik og fisk. Sild i tonnevis som blir pumpa ut av fiskebåten og inn i fabrikken. Vi er i Pelagia sitt anlegg i Kalvåg, der alle jobbar for å lage ei best mogleg matjessild, nederlendarane si delikatesse.

Silda må ikkje ha vorte kjønnsmoden og ho må innehalde minst 16 prosent feitt for å kunne nyttast i produksjonen.

– Det er berre nokre veker i juni kvart år at silda har det rette feittinnhaldet og den rette konsistensen til at det kan lagast matjessild. Det er difor veldig hektisk om dagen, fortel fabrikksjef Per Røys medan han viser NRK rundt i fabrikklokala i Kalvåg i Sogn og Fjordane.

Smilande opnar han døra inn til eit av dei store lagerhallane der silda står til modning. Den klamme lukta av saltlake, eddik og fisk er på sitt sterkaste. Eddiklukta kjem frå ein annan sildetype som blir produsert i fabrikken.

– Det smakar som krem, seier Røys medan han tek seg ein bit av ei sild som ligg til modning.

Per Røys

STOLT: Fabrikksjef Per Røys viser stolt fram den nye produksjonslina ved Pelagia i Kalvåg. Ein doblar kapasiteten og kan no produsere 200 sildetønner i timen.

Foto: Bård Siem / NRK

– «Sexy» sild

Den nederlandske oppkjøparen og kontrolløren Guido Van Vermadden smiler og nikkar.

– Matjessild er den mest sexy fisken som finst. Vi elskar matjes i Nederland, fortel han. Van Vermadden er ekspert på matjessild og følgjer nøye med på at Per Røys og dei om lag 100 kollegaene hans lagar silda på rette måten. Blir silda liggjande litt for lenge til modning i saltlaken, vil ikkje matjessilda få den rette smaken som nederlendarane elskar.

Mesteparten av matjessilda går til Nederland, men også i Tyskland, Belgia, Frankrike Danmark, Polen og Ukraina er den spesielle silda etterspurd.

Nyfisket sild på fiskemottaket Pelagia i Kalvåg

NEDERLANDSK SPESIALITET: Ved hjelp av ekspertar innhenta frå Nederland blir silda omgjort til matjessild, ein nederlandsk favorittrett.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Brukar 85 millionar

Pelagia i Kalvåg har det siste året investert for 85 millionar kroner i nytt topp moderne produksjonsutstyr og nye frysehallar. Dermed blir produksjonskapasiteten fordobla til 200 sildetønner i timen. Ifølgje budsjettet skal det produserast 3500 tonn ferdig matjessild ved anlegget i Kalvåg i år.

Medan NRK er på besøk køyrer eit stort vogntog fram til fabrikken, klar til å laste opp tusenvis av kasser med matjessild som skal køyrast til Nederland.

Ordet matjessild kjem frå det nederlandske det «maatjesharing», som betyr «jomfrusild». Matjessilda skal liggje i saltlake i mellom to og seks timar. Etterpå blir ho frosen ned og sendt ut.

Matjessilda blir oftast eten heil saman med finhakka rå løk. Nederlendarane held silda i halen og lar ho gli ned i munnen.