Hopp til innhold

Denne pusen ønsker seg ein heim

Kvart år dukkar nye herrelause kattar opp. Så mange at Dyrebeskyttelsen ikkje greier å skaffe nok heimar.

Katten Mokai

HERRELAUS: Katten Mokai, ønsker seg ein heim. Men han tapar for alle kattungane folk heller vil ha. Han har vore hos Dyrebeskyttelsen i 1,5 år.

Foto: Anne Jo Bjordal

– Vi har dessverre altfor få fôrvertar, og mange kattar må gå ute og vente, seier nestleiar, Anne Jo Bjordal i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane.

Sommaren er den travlaste tida for Dyrebeskyttelsen. Kvart år på sommarhalvåret dukkar lauskattane opp, og det er då det er vanskelegast å få tak i matmødrer- og fedrar.

– No er mange på feire, og det er vanskeleg for mange å ta imot kattar på denne tida, seier Bjordal.

Går ute og ventar

Bjordal anslår at det blir fødd om lag 60 000 kattungar kvart år. Og berre ein tredjedel av desse får seg ein heim.

– Vi er heilt avhengige av å ha fôrvertar. Anten om det er ein familie eller ein person som kan ta imot kattane i heimen sin, seier Bjordal.

Anne Jo Bjordal

OPPMODING: Anne Jo Bjordal i Dyrebeskyttelsen oppmodar folk til å ta kontakt om dei kan tenke seg å bli fôrvert.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Mange får bu innandørs medan dei ventar på sine permanente heimar. Men no er det blitt så mange at det ikkje er kapasitet til det.

– Det er nok eit tosifra tal på kor mange kattar som berre går ute og ventar, seier Bjordal.

– Den einaste løysinga er kastrering

Grunnen til at det hopar seg slik opp med ville kattar er at folk ikkje er flinke nok til å kastrere kattane sine, seier Bjordal.

– Det er det største problemet. Ukastrerte kattar og kattar utan ID-brikke. Det blir veldig mange, seier ho.

Mamsen og Scatman

MOR OG SON: Kattane Mamsen og Scatman er omplasseringskattar og har leita etter ein fast bustad ei stund.

Foto: Anne Jo Bjordal

I tillegg er det meir sjeldan at folk melder frå når dei ser lause eller sjuke kattar ute, enn til dømes om dei ser ein laushund.

– Mange er flinke og melder frå, men eg trur veldig mange ikkje tenker seg om, seier Bjordal.

Ho fortel at Dyrebeskyttelsen dekker alle kostnadane fôrvertane har med kattane. Dei betaler for sand, mat og dyrlegebesøk. Ho oppmodar folk om å ta kontakt om dei kunne tenke seg å hjelpe til.

– Eg vil oppmode folk om å ta kontakt med oss. Om det så berre er fordi dei har spørsmål eller har vurdert å skaffe seg katt, seier Anne Jo Bjordal.

Katten Cecilie

CECILIE: Katten Cecilie kom til Dyrebeskyttelsen med tre nyfødde kattungar. No ser ho etter ein ny familie.

Foto: Anne Jo Bjordal