Denne priskrigen er historisk

– Drivstoffet har nok vore rimelegare, men priskrigen har aldri vore større. Ein gir jo vekk fire kroner literen, seier Roy Solbakken i Førde.

Aldri før har bensinstasjonane slått av så mykje på drivstoffprisane i førde.

SJÅ VIDEO: Slike prisar førte til lang kø og bra med ventetid ved Uno X-stasjonen i Førde i dag. (FOTO: ALF VIDAR SNÆLAND/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Han har drive bensinstasjon i ei årrekkje, og har aldri opplevd liknande. På berre nokre få timar dumpa bensinstasjonane i Førde drivstoffprisen med nær fire kroner.

Roy Solbakken

REKNING: Roy Solbakken meiner forbrukarane tenkjer for mykje på prisane som står på skilta, og ikkje tek omsyn til dei ulike rabattordningane som ulike bensinstasjonar har.

Bensinen var under tiaren for literen. Dieselen under ni kroner. Det gir bilistane mykje drivstoff for pengane.

– Prisane har nok vore lågare, men eit slikt avslag i høve til totalprisen har ein nok aldri sett, seier Solbakken.

Opningskampanje

Årsaka var Uno X sin opningskampanje, nokre veker etter at etablerte seg i utkanten av Førde. Sjølvsagt følgde også dei andre bensinstasjonane opp.

Tilbodet var rett nok avgrensa, frå 12 til 17. Tapet er det kjedene sjølve som må stå for.

Lill Hege Rostad

NØGDE: Lill Hege Rostad hos Uno X fortel om både nøgde og glade bilførarar.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Det har vore full trykk, men kundane er nøgde, seier Lill Hege Rostad, Regionssjef Uno-X Automat AS.

– Folk kan jo ikkje rekne

Hektiske timar vart det også hos dei andre bensinstasjonane.

– Vi har hatt kø i heile dag også, men det gir oss vel berre mindre å gjere neste dag, humrar Solbakken som er administrerande direktør hos Centrum Bensin og Bygg.

– Men folk kan jo ikkje rekne. Dei ser jo berre det dei ser på skilta, og gløymer alt anna, legg han til og siktar til kjedene sine rabattordningar.

Ikkje over enno

BBBILLIG

B-B-BILLIG: Det er ikkje kvar dag at literprisen er under ti kroner for bensinen og under ni kroner for dieselen.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi ligg gjerne ti øre over i pris, men hos både Statoil, Esso og Best får du Copp-rabatt. I tillegg til andre bonuskampanjar, seier han.

Solbakken reknar med at priskrigen vil halde fram. I alle fall til Uno X får sett prisen. Heller ikkje Rostad kan utelukke at drivstoffprisane vil bli dumpa igjen.

– Det kan fort vere. Det er berre å vente å sjå, avsluttar ho.