Hopp til innhold

Denne pokalen har samla støv i 13 år

Før han slutta som krinssekretær for 13 år sidan, sette Odd Skrede opp ein eigen pokal til den som greier å slå den eldgamle krinsrekorden på 400 meter for menn.

Odd Skrede tek ned pokalen for krinsrekord på 400 meter

DER ER DEN: Odd Skrede fann pokalen han sette opp for 13 år sidan på ei hylle.

Foto: Rune Fossum / NRK

No er Øyvind Strømmen Kjerpeset i så god form at rekorden er innan rekkevidde. Sist helg greidde han EM-kravet på 400 meter hekk. Men førebels står pokalen trygt plassert på lageret på Idrettens hus i Førde. Rekorden vart sett av Bjørn Birknes, som då representerte Fjellhug/Vereide.

Sterk rekord

Odd Skrede og Narve Heggheim leitar seg fram på arkivet til friidrettskrinsen. Oppe på ei hylle finn dei det dei er på jakt etter: Ein krystallpokal med inngravert tekst.

– Det er ein pokal som er sett opp til den første som slettar Bjørn Birknes sin krinsrekord frå 24. juli 1973 på 400 meter flatt med tida 47,4, seier Odd Skrede.

Heilt sidan 2003 har Skrede venta på å finne ein eigar til premien. For det er ikkje heilt beinkløyvt å sikre seg pokalen. Birknes gjorde eit godt løp for 43 år sidan.

Men no håpar friidrettsentusiasten at rekorden ryk i løpet av sesongen.

Har greidd EM-kravet på 400 meter hekk

Øyvind Strømmen Kjerpeset forklarer korleis løpet hans var

HAR LYST PÅ POKALEN: Øyvind Strømmen Kjerpeset vil prøve seg på rekorden, men først har han fokus på 400 meter hekk.

Foto: Rune Fossum / NRK

For eitt år sidan snubla Øyvind Strømmen Kjerpeset over ein hekk og vart liggande igjen på bana framfor heimepublikum i Florø. OL-håpet var inne i sin andre sesong med problem.

Men no er han tilbake for fullt, og då kan han vere i stand til å setje ny krinsrekord på 400 meter flatt. Og Florø-sprintaren er gira på å gjere eit forsøk.

– Den pokalen har eg høyrt om sidan 2008, så eg har lyst på den. Eg hadde sjølvsagt håpa at eg ikkje åtte år etterpå framleis har lyst på den.

Kjerpeset klarte nyleg EM-kravet på 400 meter hekk, og håpar å senke sin eigen norske rekord under Florø Friidrettsfestival. Då nærmar han seg også OL-kravet.

Før EM er overstått, og eventuelt OL, kjem han ikkje til å prøve seg på distansen utan hekkar.

Men då skal han setje inn støtet.

– Det er ein av dei beste krinsrekordane, og på den tida var det sikkert ein av dei beste i landet, seier Øyvind.

Odd Skrede og Narve Heggheim med pokalen

HAR SAMLA STØV I 13 ÅR: Pokalen som Odd Skrede (t.v.) sette opp i 2003. Til høgre dagleg leiar Narve Heggheim i friidrettskrinsen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Bør ut av lageret


På krinskontoret vedgår Odd Skrede at han er overraska over at krinsrekorden framleis står.

– Eg må nok seie at eg trudde han hadde blitt teken tidlegare.

Arvtakaren hans, Narve Heggheim, trur rekorden står for fall.

– Øyvind kjem til å ta den rekorden dersom harn får førebudd seg godt.

Sjølv vil Odd Skrede gjerne sjå at pokalen finn seg ein verdig eigar.

– Det hadde vore berre fint det, om han kom seg ut av lageret her på Idrettens hus.