Hopp til innhold

Denne passeringa tok ti minutt

Då semitraileren og rutebussen møttes på E39, vart tålmodet sett på prøve for både den eine og andre.

Passering på E39

Av og til kan ein millimeter vere nok, syng Anne Grete Preus. Det var det også her...

Foto: NRK

- Det gjekk sikkert ti minutt med lirking. Eg trudde han skulle komme forbi, men det gjekk ikkje. Så vi måtte lirke begge to, fortel yrkessjåfør Roy Korneliussen hos Haugsdal Transport om møtet med ekspressbussen på E39 ved Vadheim.

- Var trongt før, men...

Passering E39.

Etter ti minutt med lirking kunne både semitraileren og bussen halde fram mot sine reisemål.

Foto: NRK

Korneliussen var på veg mot Lavik då køyreturen frå Måløy tok ei litt uvanleg utfordring. For den smale vegen frå Bogstunnelen til Vadheim var berre akkuratt brei nok for begge. Og det sjølv om begge la seg så langt ut dei kunne.

- Det var trongt frå før, men etter at støypekantane kom vart det spesielt trangt. Det plar ikkje vere så gale som i dag, men treff du dei på feil plass så kan det fort bli litt lirking, fortel Korneliussen.

- Skal lite til

Men blir det ikkje litt nervepirrande å sitte bak rattet og drive med slik lirking?

Passering på E39

Trangt om plassen på E39 mellom Bogstunnelen og Vadheim i Høyanger.

Foto: NRK

- Det er jo det. Og så skal det så veldig lite til. Er du borti, så blir det fort nokre tusenlappar, fortel Korneliussen som i seks-sju år har køyrt vogntog på vegane i Sogn og Fjordane. Det blir to-tre turar for veka.

- Har skjedd mykje

- Det har jo skjedd store utbetringar dei åra eg har køyrt her. No er det berre dette stykke att, seier han.

- Møter du trafikk på litt feil plass, så må ein rygge. Bussen kunne sjølvsagt ha rygga ned att, men det blir ofte til at ein prøver, legg Korneliussen til.

Skal utbetrast

Statens Vegvesen har nyleg starta opp eit stort utbetringsprosjekt mellom Torvund og Teigen. Her skal det byggast 5,5 kilometer ny veg til 370 millionar kroner. Etter planen skal vegen stå ferdig i 2013.

Men prosjektet gjeld ikkje vegen mellom Bogstunnelen og Vadheim. Vegvesenet har planar om å utbetre også denne strekka, men korleis er førebels uvisst. Det har ikkje lukkast NRK å få avklara kva framdriftsplanar ein tenkjer for strekka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.