Denne ordføraren vil ha smalare europaveg

GLOPPEN (NRK): Statens vegvesen vil byggje veg i toppklasse, men senterpartiordføraren fryktar for bøndene.

Leidulf Gloppestad

KRITISK: – For fleire av dei som er råka er det kroken på døra-avgjerande om denne vegen bli bygd eller ikkje, og det kan vi ikkje godta, seier Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp).

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er ei forferdeleg dårleg løysing for Gloppen og Byrkjelo. Dei legg opp til nedbygging av dyrka jord i ein skala vi ikkje har sett maken til.

Ordførar i Gloppen Leidulf Gloppestad (Sp) er klar i talen. Når E39 skal rustast opp gjennom kommunen hans, meiner han vegen må byggjast så enkel og smal som råd. Statens vegvesen vil kunne rive vekk livsgrunnlaget til bønder i Breim.

– Folk ønskjer ein ny og oppgradert veg. Problemet er at ein byggjer ein heilt ny veg i ein ny trasé og bandlegg eit enormt areal, seier ordføraren.

Ordføraren vil difor ha ein europaveg med lågare standard som tek mindre landbruksareal.

Er uroa

Då Statens vegvesen sitt framlegg til ferjefri E39 mellom Byrkjelo og Grodås blei kjent vekte det veldig kjensler i jordbruksbygda Breim. Vegvesenet føresler eit gigantisk plankryss og ei vegbreidde på 12,5 meter, det er breiare ann alt anna som tidlegare er bygd av veg i Sogn og Fjordane.

– Vegvesenet må tilbake på teiknebrett og la jordvernet vege tyngst. Ein bør følgje eksisterande trasé så langt det let seg gjere, seier Gloppestad. E39 lenger sør er 8.5 meter.

Vidar Sandal er gardbrukar og kommunestyrepolitikar for Senterpartiet. Når vegen skal byggjast vidare sørover gjennom Våtedalen, fryktar han også for si matjord.

Vidar Sandal og geitene

FRYKTAR FOR MATJORDA: Gardbrukar Vidar Sandal fryktar store område dyrka mark vil gå tapt.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Her er marginalt med matjord i Breim for dei som skal drive gardane. Dette vil resultere at ein god del gardsbruk vil gå ut av drift, fryktar han.

Tenkjer langsiktig

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden seier Vegvesenet tenkjer langsiktig.

– Ein må ha ein veg som vil kunne ta transportauken ein forventar vil kome på E39. Vegen må byggjast for 50 år og lenger framover, seier Finden.

Å greie ut alternativet Gloppen kommune har ønskt vil ta kring eit års tid og forseinke prosessen. Forlaget til kommunen er heller ikkje ei rimelegare løysing, påpeiker Finden.

– Då må ein kanskje bygge om att vegen fordi den ikkje er framtidsretta.

– Korleis veg de omsynet til dyrka mark opp imot andre omsyn?

– Omsynet til dyrka mark veg tungt. Samtidig må ein sjå på totale kostnader og behova framover. Sjølv om ein vel vegløysinga vil tilrår, vil vi også sjå på moglegheitene for å erstatte dyrka mark.

Svenn Egil Finden
Foto: Silje Guddal / NRK

– Kva moglegheiter har kommunepolitikarane til å få gjennom sine ønske?

– Kommunen er planmyndigheit. Viss den ikkje blir godkjent må ha ein ha nye prosessar der eventuelt Fylkesmannen blir kopla inn.

Ber om møte

No krev ordføraren eit møte både med regionvegsjefen, Landbruks- og matdepartementet og med Samferdsledepartementet.

– Krava våre er få ei samanhengande vegplanlegging Skei-Byrkjelo, at ein følgjer eksisterande trase så langt det lar seg gjere med redusert standard og at ein lar jordvernet vege tyngst, seier Gloppestad.

Vi er ikkje ute etter å torpedere eller ikkje byggje vegen. Men vi vil ha ein veg som tener alle.

Gloppen-ordførar Leidulv Gloppestad (Sp)
Byrkjelo

BYRKJELO: Illustrasjonen viser Statens vegvesen si tilråding for vegløysing på Byrkjelo.

Foto: Statens vegvesen