Hopp til innhold

Denne ordføraren er på kvinnejakt

Ikkje ei einaste kvinne fekk plass i formannskapet i Gulen. Difor har Fylkesmannen no kasta heile formannskapet.

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal

AVSETTE FORMANNSKAPET: Fylkesmannen har avsett formannskapet der Hallvard Oppedal og fire andre menn sit.

Foto: Gøril Sætre

– Vi hadde eit formannskapet med berre mannfolk. Det blei klaga inn frå Høgre, som meinte vi ikkje hadde gjort det som var mogleg for å få inn kvinner, seier Gulen-ordførar Hallvard Oppedal (Sp).

Det nyvalde formannskapet i Gulen kommune oppfyller ikkje reglane om kjønnsrepresentasjon i kommunelova. Dermed opphevar fylkesmannen i Vestland heile formannskapet.

I vedtaket 20. november 2019 har vi konkludert med at formannskapet i Gulen, som består av fem menn, er ulovleg valt. Fylkesmannen har oppheva valet, som må haldast på nytt.

Få kvinner att

I kommunestyret i Gulen sit det femten menn og seks kvinner. Oppedal seier dei har oppfylt reglane i tre av hovudutvala, og då var det få kvinner att til å sitje i formannskapet.

– Eg vil ikkje seie det er pinleg. Vi veit jo korleis det skal vere etter lovverket, seier Oppedal.

Kristin Mjanger er valt inn i kommunestyret for Høgre. Ho meiner det hadde vore mogleg å velje eit formannskap i tråd med reglane.

– Nokre av kvinnene som sit i hovudutval i dag kunne sete i formannskapet, så kunne ein brukt kvinnelege vararepresentantar i hovudutvala, seier ho.

Mjanger seier dei jobbar for å få fremje kvinnene, og at det er noko både parti og veljarar må ta ansvar for.

– Eg tenkjer at eit godt kommunestyre er godt blanda, seier ho.

Må velje nytt formannskap

Gulen står no utan formannskap og må velje nytt. Minst ei kvinne må inn i formannskapet på fem representantar. Det blir ein representant frå Senterpartiet. Dei har to representantar og er difor pliktige til å ha ein av kvart kjønn.

– Vi har ikkje gjort vedtak i formannskapet som er, så det har ikkje skjedd skade, seier Oppedal.