Hopp til innhold

Denne oppfinninga kan hindre storbrannar

Med enkle tiltak kan ein hindre storbrannar som i Lærdal i fjor. Det meiner professor Torgrim Log som tek til orde for ei nasjonal varslingsteneste når veret er slik som det var før storbrannen.

Professor Torgrim Log demonstrerer den enkle oppfinninga som varslar når treverk blir for tørt og brannfaren aukar.

SJÅ VIDE: Professor Torgrim Log demonstrerer oppfinninga som kan hindra storbrannar som i Lærdal i fjor. (FOTO/REDIGERING: Arne Gunnar Olsen/NRK)

Torgrim Log, professor i branntryggleik ved Høgskulen Stord/Haugesund, etterlyser ei nasjonal varslingsteneste som åtvarar når klimaet blir «brannfarleg».

Sjølv har han funne opp eit instrument som gjer nettopp dette.

– Trestykke lettar når det tørkar, og ser at det er tørt og brannfarleg, fortel Loge medan han demonstrerer oppfinninga.

Vestlandet var trua

Det har gått over halvtanna år sidan den dramatiske brannen i Lærdal. Før brannen var bygda gjennom ein lang tørkeperiode og dagar med kraftig vind. Få tenkte at kald og tørr luft, saman med kraftig vind og straum/vedfyring, tørka ut treverket på husa.

Brannen i Lærdal

INFERNO: Kraftige vindkast sendte flammane utover store delar av Lærdalsøyri den dramatiske januarnatta i fjor.

Foto: Arkivfoto

Makteslause innbyggjarar såg flammane sluke 40 bygningar. Log meiner kvart eit byggjefelt på Vestlandet var i fare i januar 2014.

– Spesielt utsett var eldre busetnader som Skudeneshavn, gamlebyen i Stavanger og Bryggen i Bergen, der husa er bygd tettare, seier han.

Fyrer ekstra om vinteren

Torgrim Log, professor i branntryggleik ved Høgskulen Stord/Haugesund
Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Professoren meiner brannen i Lærdal kunne blitt stogga tidlegare, om det farefulle klimaet vart varsla.

Sjølv om han har oppfinninga, meiner han Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap må overvake og varsle brannvesenet om slik brannfare.

– År om anna har ein situasjonar der det er ekstreme vêrforhold. Då må ein følgje med om brannrisikoen endrar seg, slik den gjorde i Lærdal, seier han.

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp), kjenner seg att i vurderingane til Log.

– Vi er på det mest sårbare om vinteren. Folk fyret mykje for å halde varmen. Det tørkar veldig opp treverket, seier han.

– Må tenkje nytt

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

SAMD: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp) ved området Bergo der brannen starta, og der husa no er bygd opp att. Den kalde, tørre austavinden kom ned gjennom Lærdalsdalen i bakgrunnen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Sjølv om vêrmeldingane er blitt sikrare med åra, har ordføraren trua på oppfinninga til Log. Han seier seg også samd i ein må tenkje nytt for å åtvare mot ekstreme klimatiske situasjonar. Slik som i januar 2014.

– I gamledagar hadde ein beredskap, med fyringsforbod og open eld. Dei gjekk brannvakter i gatene og fordelte vaktene seg imellom. Dei innretta seg på sin måte for å handtere brannfaren. Den beredskapen har vi mista på vegen, seier han.

Samstundes åtvarar han mot ei «ulv-ulv»-teneste.

– Det er det som er skummelt med varslingar, at det blir varsla for ofte og det ikkje skjer noko. Ein må finne den balansen, seier han.