Denne nissen har blitt verdskjendis

Den oppblåsbare julenissen sin luftige fjelltur på Hornelen har fått merksemd i både inn- og utland.

Julenisse

FØRSTE NISSE PÅ HORNELEN: Det måtte ni timar til for å få den oppblåsbare julenissen opp Hornelen i Bremanger.

Foto: PRIVAT

Ein seks meter høg oppblåsbar nisse er kanskje oppsiktsvekkande nok i seg sjølv, men når ein gjeng drar den med seg opp på Europas høgaste sjøklippe, så får det merksemd over heile verda.

– Ingen av oss hadde trudd at dette skulle få så mykje merksemd. Nissen frå Kalvåg har jo blitt kjendis på heile greia. No har den til og med fått ei Facebook-side, seier Harry Gulestøl.

Den kjende nettstaden Lonely Planet er blant dei som har fått auga opp for nissen, som stod 860 meter over havet på kanten av Hornelen. Dei skriv om Gulestøl som utfordra kompisane til å pakke med seg nissen, eit motorsykkelbatteri og fleire pumper til fjells.

The Local skriv om ni timar med hardt blodslit som måtte til for å få nissen opp dei stupbratte fjellsidene.

– Det er utruleg kjekt at nissestrekar på Hornelen kan slå så godt an, gliser Gulestøl.

Les også: Bar med seg oppblåsbar nisse opp på den høgaste sjøklippa i Europa

Kom heim til kompispynta julehus

Det heile starta ved at Gulestøl kom med ei hemnutfordring til kameratane sine, etter at dei pynta huset hans med julelys. I hagen blåste plasserte dei den gigantiske nissen.

No står det 1–1 i fantestrekar mellom kameratane.

– Det blir nok nye påfunn, lovar Gulestøl.

Og om du lurer, så er nissen trygt tilbake i hagen til Harry Gulestøl.

Julenisse

GODT SYNLEG: Den seks meter høge nissen av godt synleg frå bakken.

Foto: PRIVAT