NRK Meny
Normal

Gir arbeid til over 700 personar, berre her i fylket

Oppdrettsnæringa gir arbeid til over 700 personar og skapar verdiar for over ein milliard kroner i året. Og det berre i Sogn og Fjordane.

Oppdrettslaks

STORE VERDIAR: Oppdrettsnæringa skapar store verdiar i Sogn og Fjordane. Det viser ein fersk rapport.

Foto: Lunde, Bjørn Erik Rygg / VG

Ei ny rapport frå Høgskulen i Sogn og Fjordane viser at oppdrettsnæringa skapar store verdiar i fylket.

Dette tek livet av myten om at næringa har få ringverknader i fylket, meiner oppdrettar Elin Tveit Sveen ved Marøy Havbruk i Flora.

– Dette er viktig for å vise at oppdrettsnæringa ikkje berre er nokre lokalitetar med eit par tilsette langs kysten. Det er så mykje meir, seier ho.

Verdiar for 1,5 milliardar kroner

Det var Fylkeskommunen som bestilte ei ringverknadanalyse for å få fram kva oppdrett betyr for verdiskapinga i Sogn og Fjordane.

Rapporten er no klar og viser at det totalt jobbar 722 personar knytt til oppdrettsnæringa her i fylket.

I 2012 skapte næringa verdiar for 1,1 milliardar kroner, men dette var eit år med låge prisar. I 2013 er verdiskapinga venta å vere heile 1,5 milliardar kroner.

– Svært viktig for fylket

Johannes Idsø

OVERRASKA: Johannes Idsø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vart overraska over kor mykje av innkjøpa oppdrettsnæringa gjer med lokale bedrifter.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane

Førstelektor Johannes Idsø ved Høgskulen er sjølv overraska over dei høge tala.

– Vi ser at det er nødvendig med næringsverksemd i Sogn og Fjordane. Oppdrettsnæringa er ei av dei nødvendige næringane om vi skal halde oppe busetnaden i fylket, seier han.

Han meiner den til dels utskjelte næringa er svært viktig for Sogn og Fjordane.

– Oppdrettsnæringa har fått ein del pepar, spesielt frå naturvernarar. Men ser vi på dei økonomiske ringverknadane, så er det absolutt ei viktig næring for fylket, seier Idsø.

– Stor aktivitet

Ringverknadsanalysen viser verdiskapinga til alt frå leverandørindustri, matfiskproduksjon og salsleddet.

Det er summen av alt som skapar stor aktivitet i fylket, seier Elin Tveit Sveen.

– Du har til dømes Ewos som produserer fiskefôr, du har brønnbåttrafikk, alle dei mekaniske verkstadane som reparerer på båtane til oppdrettsnæringa… Det er utruleg mykje og alt dette kjem fram i denne analysen, seier ho.

Ho gler seg over at næringa allereie sysselset over 700 personar, og meiner næringa også er viktig for lokalsamfunna.

– Det at oppdrettsnæringa no tener pengar gjer at vi kan investere i nytt utstyr og kan gå inn i andre prosjekt som er viktige for lokalsamfunna, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

 Elin Tveit Sveen i Marøy Havbruk

GLER SEG: Elin Tveit Sveen ved Marøy Havbruk i Flora gler seg over forskingsrapporten.

Handlar med lokale bedrifter

Analysen viser ifølgje Idsø også at oppdrettsnæringa nyttar lokalt næringsliv når dei gjer innkjøp.

– Det var gjort innkjøp frå meir enn 800 bedrifter og 70 prosent av innkjøpa vart gjort frå lokale bedrifter. Dette er eit veldig høgt tal, eg er overraska, seier han.

Analysen fortel også kven som dreg nytte av verdiskapinga.

Ein stor del går til løner til tilsette, men også staten og bankane skal ha sitt. Elleve prosent går til utbytte til eigarane, medan 41 prosent av verdiskapinga er tilbakehalde overskot som kan nyttast til å reinvestere i verksemdene.

Tveit Sveen meiner næringa kan vekse vidare, trass i at kritikken frå miljøvernarar har vore høglydt dei siste åra.

– Dette er ei næring som har potensial i seg til å vekse i heile fylket. Vi har plass til fleire konsesjonar og større lokalitetar, seier ho.

– Må ha fokus på miljøutfordringane

I ein rapport skriven av mellom SINTEF, anslår forskarane at lakseproduksjonen i Norge vil femdoblast frå i dag og fram til 2050.

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker sa tidlegare i februar til Aftenposten at ho hadde trua på at dette var mogleg, medan WWF-Norge meinte utfordringane med rømming og lakselus er for store til at oppdrettsnæringa kan vekse så mykje.

I Marøy Havbruk i Flora trur Elin Tveit Sveen at det er mogleg å vekse, samtidig som ein jobbar med miljøutfordringane.

– Vi må sjølvsagt jobbe med dei miljøutfordringane og det blir gjort kvar dag. Det blir sett ned store ressursar for å hindre rømming, få ned lusetala og unngå sjukdom, seier ho.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser