NRK Meny
Normal

Denne masta må flyttast, kostnad ein million

Det kan bli dyrt når ein ikkje les karta nøye nok. Naudnettmasta i Nærøydalen i Aurland kommune vart sett opp inne i eit verneområde. No må masta flyttast.

Naudnettmast i Nærøydalen

PÅ FEIL SIDE: Naudnettmasta i Nærøydalen er sett opp ti meter inne i landskapsvernområdet.

Foto: Arne Veum

Det lenge etterlengta naudnettet vart teke i bruk i Sogn og Fjordane i november 2015. Då var det sett opp 189 nettmaster rundt om i Sogn og Fjordane. Ei av dei vart sett opp på Skjerpi i Nærøydalen.

Men så synte det seg at masta og ein liten tilhøyrande bygning ligg ti meter inne i Nærøyfjorden landskapsvernområde, skriv Aurlendingen. Det var firmaet Technogarden AS som søkte om byggjeløyve og fekk det av Aurland kommune i juni 2014.

Men firmaet som stod for sjølv bygginga valde å sette masta på ein annan stad enn der dei hadde fått byggjeløyve. Årsaka var grunntilhøva. Dermed hamna dei ti meter innanfor verneområdet.

Må flyttast innan 30. juni

Styret i Nærøyfjorden verneområde vedtok at masta måtte flyttast. Denne avgjerda vart anka av Technogarden AS til Miljødirektoratet.

No har Miljødirektoratet avslege anken, skriv Aurlendingen. Masta og hytta må flyttast ut av verneområdet innan 30. juni i år. Det kostar rundt ein million kroner.

Vegopning på Bergum i Førde kommune