Hopp til innhold

Denne lasta vart yrkessjåføren si siste på to år i Norge

Yrkessjåføren som tre gonger på fire månader vart stogga med feil på bremsene og utan førarattest, er vist ut frå Norge i to år.

Utanlandsk vogntog stogga på Håbakken

USIKRA: Yrkessjåføren i 40-åra har godteke ei bot på 10.000 kroner etter at han vart stogga med 22,5 tonn usikra glas på veg til Bergen.

Foto: Statens vegvesen

Mannen vart sist veke stogga for andre gang på Håbakken i år, då på veg til Bergen med 22,5 tonn usikra glas i kapellet.

Bremsefeila som vart avdekte ved Svinesund like før jul var då framleis ikkje utbetra. Han hadde heller ikkje ordna med førarattest.

– Vi har inntrykk av at dette er ein førar som ikkje bryr seg, og berre køyrer på. Slike førarar vil vi ikkje ha på vegane i Norge, sa Roger Løvlid hos Statens vegvesen då.

10.000 kroner i bot

Det same inntrykket har også politiet og Fjordane tingrett som i førre veke fengsla mannen i ei veke, medan han ventar på å bli sendt ut av landet.

Yrkessjåføren hadde då godteke ei bot på 10.000 kroner for den usikra lasta.

– Når framstilte har køyrt fleire gonger i landet utan å overhalde pålegg som er gjevne av norske styresmakter, viser dette etter rettens vurdering at han har utfordringar med å respektere landets reglar og pålegg pålagt av styresmaktene, skriv dommarfullmektig Kamilla Hessevik Paulsen.

Utvist i to år

Utvisingsvedtak blir i større grad nytta når utanlandske yrkessjåførar blir tekne for grove lovbrot langs norske vegar. Ifølgje utlendingslova kan ein utlending fengslast dersom det er konkrete haldepunkt for at han vil unngå å bli sendt ut av landet.

Både politiet og Fjordane tingrett meinte at mannen kunne ha økonomiske motiv for å halde fram transportverksemda sjølv om han var utvist.

Mannen har 15 år på vegane gjennom Europa, og kom til Sverige for ein månad sidan. Til han vart stogga på Håbakken køyrde han det som truleg blir hans tre-fire siste transportoppdrag i Norge.