Hopp til innhold

Denne laksen er skumlare enn den ser ut

Thomas Hestetun mistenkte raskt at laksen han hadde fått på kroken var litt rar. Etter å ha sjekka tunga og sporden på fisken fekk han mistanken stadfesta. Fisken er etter alt å døme ein pukkellaks.

Pukkellaks fanga i Årdalseleva i Sogn 15. august 2017

MANGLAR PUKKELEN, MEN: Dette er etter alle solemerke eit eksemplar av arten pukkellaks. Individet som vart fiska opp i elveosen i Årdalsvatnet er anten ein hann som er så ung at den ikkje har fått den karakteristiske pukkelen, eller ein holaks som ikkje får pukkel.

Foto: Thomas Hestetun

Årdølen fiska etter laks i elveosen ved Årdalsvatnet då han i går fekk den svartelista laksearten. Hestetun tenkte først at det var noko gale med fisken.

– Eg byrja lure på om fisken var sjuk eller noko.

Den unge fiskaren tok kontakt med erfarne folk i Årdal Jeger- og fiskeforeining. Dei bad han sjå etter nokre spesifikke kjenneteikn.

– Eg sjekka om det var prikkar på sporen, og om den var svart på tunga. Det var den. Då sa dei at det var pukkellaks.

Pukkellaksen har i sommar dukka opp i svært mange elver sør i Norge. Russarane sette ut laksen ved Kolahalvøya på 1950-talet, og dei siste 50 åra har laksen eksistert i Nord-Norge.

Sjølv om pukkellaksen ikkje har gjort noko skade på det biologiske mangfaldet, er den likevel uønskt i norsk natur.

– Denne har vi ikkje lyst å ha her

For å kome seg til Årdalsvatnet har pukkellaksen teke seg opp Hereidselva. Den ligg inst inne i Sognefjorden, 200 kilometer inn frå kysten. Vidar Moen i Årdal Jeger- og fiskeforeining seier dei berre har venta på at pukkellaksen skulle dukke opp hos dei.

– Vi har sett den registrert i Vik og fleire andre stader i Sognefjorden. Då er det berre eit spørsmål om tid før den dukkar opp i alle vassdrag, tenker eg.

– Er de uroa?

– Det blir sagt at yngelen reiser frå elva umiddelbart, så den er ikkje ein konkurrent til laksen og sjøauren i matfatet. Men likevel, dette er ein art som er svartelista som vi ikkje har lyst å ha her.

Pukkellaks

PUKKEL: Spesielt hannlaksane kan ein kjenne att på pukkelen på ryggen. Forskarane meiner det er risikabelt å ha pukkellaks i norske vassdrag.

Foto: Naturtjenester i Nord / Rune Muladal

Fryktar laksen etablerer seg i fleire elver

Forskarar ved Norsk institutt for naturforsking, NINA, har gitt uttrykk for at dess fleire pukkellaksar, dess større er faren for at det får negative konsekvensar for norsk natur.

Dei bad fiskarar som fekk pukkellaks om å melde frå, og i løpet av dei tre siste vekene i juli fekk NINA inn meldingar om 800 individ frå ulike elver i landet.

«Dette betyr at det er reell fare for etablering av pukkellaks i fleire norske elver, og negative effektar på både laks og aure – og hele økosystemet,» skriv NINA på sine nettsider.

Moen fryktar bestanden av pukkellaksen må ha vakse veldig.

– Det må jo vere ei viss mengde av pukkellaks som gjer at dei vandrar slik og kjem heilt inst i Sognefjorden.

Pukkellaksen teken i Årdalsvatnet er målt, vege og teken skjelprøver av. Dette blir sendt til NINA.