Hopp til innhold

Men «kviten» var ikkje noko snøball

I snart tre veker har ein underleg liten krabat halde til hos Bård Vereide på Sandane. Men kva slags fugl det er, er blitt eit aldri så lite mysterium i nabolaget.

Albinofugl på Vereide

UKJEND: Bård Vereide trudde det var ein liten snøball då han såg denne vesle krabaten for første gang.

Foto: Svein Hjelmeset

Bård Vereide vart merksam på fuglen i slutten av november, då heile familien var samla kring middagsbordet.

Det er eit yrande fugleliv, med kring 50 fuglar, utanfor vindauge. Men ein skilde seg ut.

– Det var snø ute, så eg trudde først det var ein liten snøball eg såg som flytta på seg. Så såg vi at det var ein fugl, humrar Vereide om den lyse tobeinte krabaten med vingar.

– Liten og rask

Den er ikkje større enn ein meis, men noko meis har dei førebels ikkje kunne stadfeste at det er.

– Eg har prøvd å finne ut kva artsfrendar den held seg med, men det har eg ikkje klart enda. Men han er ikkje den som er hissigast på solsikkefrøa i treet. Det kan han ikkje vere særskilt glad i, for den likar best å samle frå brødsmulane som ligg på bakken, fortel Vereide.

– Men sjølv om den er liten, så er den rask, legg han til.

Mange tips

Fuglekjennar Svein Hjelmeset fekk fotografert fuglen, men kan ikkje seie anna enn at det er tale om ein albinofugl. Heller ikkje på den godt oppdaterte nettsida artsobservasjoner.no har han lukkast å få svar frå dei mange ornitologane.

Spørsmålet har ligge på nettsida i fem dagar, men dei fleste av dei 1.600 besøkande er usikre på kva fugl det er. Gråsporv, bokfink, bjørkefink, stillits, gulsporv er nokre av forslaga som har kome. Nokre har endåtil føreslått ein rømt kanarifugl.

– Fuglen held seg på ein måte saman med ein flokk gråsporv, men helst i utkanten av flokken. Og han er meir på vakt enn dei andre, seier Hjelmeset.

Problematisk å fastslå

Hjelmeset meiner «Kviten», som Vereide kallar den, er eit godt døme på at fargedrakta har svært mykje å seie for å kunne avgjere kva type fugl ein ser.

Albinofugl på Vereide

UKJEND: Både Svein Hjelmeset og Bård Vereide er veldig nyfikne på kva art denne albinofuglen er.

Foto: Svein Hjelmeset

– Kroppsform, nebb, haldning og åtferd er ikkje nok. Då denne fuglen hadde ikledd seg kvitt, vart det vanskeleg å tenkje seg kva fargar artsfrendane hans har, seier Hjelmeset og legg til:

– Sikraste måten å artsbestemme ein fugl på, er nok lyden: helst songen. Problemet på denne årstida er at fuglane, utanom gjerdesmetten, ikkje syng i det heile.

– Ein kuriositet

Både Hjelmeset og Vereide er svært nyfikne på kva fugleart «Kviten» er. Nyfiken er også både ornitologar og naboar på Vereide.

– Det er jo litt artig å vite. Som ein kuriositet. Eg likar no godt å mate på fuglane, og brukar nokre få tusen for året på mat til dei. Dei skal ikkje lide noko naud her, seier Vereide. Og uansett kva art det er tale om, vil den framleis bli servert av matfar Vereide.

– Han skal få til liks med dei andre, men då må han jammen møte for å hente det, humrar Vereide.