Hopp til innhold

Denne kommunen rykker ifrå som hyttekommune nr. 1

STRYN (NRK): Stryn seglar opp som hyttekommune nummer éin i Sogn og Fjordane. På 10 år er det bygd 261 nye hytter i kommunen.

Hyttefelt i Stryn

TETT I TETT: Størrelsen på dei nybygde hyttene i Stryn har dei siste åra vore i overkant av 100 kvadratmeter i snitt.

Foto: Silje Guddal / NRK

På hytte nr. 69 i Hydla Hyttegrend kan jula berre kome. Treet er pynta og nissar, englar og levande lys er på plass.

– Vi brukar hytta så mykje vi kan og var her kanskje opp mot 50 døgn i fjor, seier Sølvi Ervik.

Ho og ektemannen har køyrd frå Stad til Stryn for å klargjere hytta til nyttårsfeiring.

Dei vert ikkje åleine, for rundt dei er det tett i tett med hytter. No er det 1174 hytter i Stryn, klart flest i Sogn og Fjordane, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Stig Jarle og Sølvi Ervik

KORT VEG TIL NABOEN: – Vi var heldige og fekk velje oss tomt tidleg, på ein vegende, og storkosar oss, seier Stig-Jarle Ervik, saman med kona Sølvi.

Foto: Silje Guddal / NRK

Stryn, Gulen og Flora på topp

Frå inst i Nordfjord må vi til kysten for å finne dei neste kommunane på lista. Gulen kommune har i 2017 948 hytter, 197 fleire enn for 10 år sidan. I Flora står det 774 hytter.

– Hyttebygginga har vore eit veldig viktig bidrag til Stryn-samfunnet, seier ordførar Sven Flo (H).

Han meiner den store utbygginga har vore udelt positivt.

– Dei bidreg positivt ved å vere her, ved å snakke godt om oss og ved å marknadsføre oss når dei er heime, seier Flo om hyttefolket.

Hyttetoppen Sogn og Fjordane

Kommune

Hytter 2017

Auke sidan 2007

Stryn

1174

261

Gulen

948

197

Flora

774

87

Luster

651

86

Høyanger

635

52

Samstundes påpeikar Flo at kommunen må følgje etter med riktig infrastruktur, og viser til at vegen til hyttefeltet går gjennom tettbygd bustadområde.

– Trafikken er til tider eksplosjonsarta. Vi må sjå på vegsystemet for å kunne handtere dette.

Helgehandel

– Dei første kjem på torsdagane, så resten på fredagar, og vi merkar godt når skitrekket er ope, for då kjem storfamilien, seier butikksjef Arne Tysnes ved Rema 1000.

Kjøpmannen fortel om stadig fleire hyttefolk, som ofte kjem rett frå jobb og storhandlar for ei helg på hytta.

– I helgane er det stort sett møringar og no går det i vinterklede, hue og vottar, seier Randi Line Raudi ved Skogstad Sport.

Randi Line Raudi

HELGEHANDEL: For butikksjef ved Skogstad i Stryn, Randi Line Raudi er det hyttefolket som gjev pengar i kassa i helgane.

Foto: Silje Guddal / NRK

At hyttefolket legg at pengar i Stryn er ekteparet frå Honningsvåg tydelege på, og peikar rundt seg på hytta.

– Vi brukte lokale snikkarar, elektrikarar og røyrleggarar, og alt er kjøpt lokalt, seier Stig-Jarle Ervik.

Knutepunkt

Opninga av Kvivsvegen førte til at svært mange sunnmøringar bygde seg hytte i Nordfjord. No ser klientellet litt annleis ut.

– Vi har folk ifrå Sogndal, Førde, Nordfjordeid og Ålesund, seier Otto Vik som har selt mange av hyttetomtene.

– Det jo heilt utruleg eigentleg. Det er investert i hytter for nærmare ein milliard kroner i området rundt skisenteret, seier Vik.

Stig-Jarle og Sølvi brukar turområda rundt hytta både sommar og vinter, gjerne saman med resten av familien.

– Dottera vår bur i Ålesund, sonen i Måløy og vi på Stad, så dette vert eit midtpunkt der alle køyrer litt for å møtast, seier Ervik.