Hopp til innhold

Denne kommunen har størst vekst i folketalet

Folketalet veks i Sogn og Fjordane. Størst er auken i Sogndal som kan notere seg for ein oppgang på 97 personar. Dermed har kommunen passert 8000 innbyggjarar.

Huset vert kalla Smed-Flaten, og ligg vegg i vegg med Lerum i Sogndalsfjøra

FJORDBYGDA VEKS: Sogndal kan notere seg for over 8000 innbyggjarar i tredje kvartal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Folketalsstatistikken for tredje kvartal kjem ikkje med dei store overraskingane; dei største tettstadane veks, medan folk flyttar frå dei utkantane og industrikommunane.

Ved utgangen av september har Statistisk sentralbyrå (SSB) registrert 8047 innbyggjarar. Studentbygda er med andre ord kommunen med størst folketalsauke i Sogn og Fjordane i tredje kvartal.

– Eg gler meg over folketalsutviklinga. Vi er klar for kvar einaste innbyggjar vi får. Det er viktig for samfunnsutviklinga, seier ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap).

Ein god nummer to er Førde med ein folketalsauke på 68 personar. Den største kommunen i fylket har no 13109 innbyggjarar.

Aukar i Nordfjord

Tredjeplassen på pallen har Eid med ein auke på 28 personar. Det betyr at det budde 6128 personar i regionsenteret i Nordfjord 1. oktober.

Eid har no hatt folketalsvekst åtte kvartal på rad, og i 15 av dei 16 siste kvartala. Veksten i folketal i Eid er siste to åra samla på 126 innbyggjarar, eller ca. to prosent. Det betyr at folketalet veks dobbelt så raskt i Eid som i landet elles, seier ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

– Den sterke folketalsveksten i Eid dei siste åra syner at det er råd å skape vekst, optimisme og attraktive stader å bu også i distrikts-Noreg. seier Bjørlo.

Desse går nedover

Han viser til at Eid har satsa sterkt på sentrumsutvikling, bustadbygging, gode skular og oppvekstvilkår for born dei siste åra, og at dette kan forklare veksten.

På minussida er det kommunar som Florø, Høyanger, Årdal og Naustdal som kjem dårlegast ut. Størst er nedgangen i Florø der folketalet gjekk ned med heile 54 personar i tredje kvarta. Kommunen har no så vidt bikka under 12000 innbyggjarar. Ved utgangen av september var status 11998 innbyggjarar i kystbyen.

Folketalsutviklinga i kommunane

Sogndal

97

8047

Førde

68

13109

Eid

28

6128

Leikanger

24

2349

Gloppen

21

5860

Luster

20

5204

Gaular

18

2995

Fjaler

8

2849

Jølster

2

3032

Vik

-2

2695

Lærdal

-2

2157

Selje

-3

2787

Gulen

-5

2349

Solund

-6

801

Aurland

-7

1786

Hornindal

-10

1186

Stryn

-11

7216

Askvoll

-12

3052

Balestrand

-13

1269

Bremanger

-15

3801

Hyllestad

-19

1389

Vågsøy

-22

6007

Høyanger

-23

4164

Årdal

-25

5306

Naustdal

-28

2827

Flora

-54

11998

Sogn og Fjordane

29

110363

Ekspander/minimer faktaboks