NRK Meny
Normal

Denne kolonnekøyringa er til bryderi - og glede

– Det gjer kvardagen vår vanskelegare, seier ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand og siktar til den naudsynte – men likevel utfordrande – kolonnekøyringa i Høyangertunnelen.

Kolonnekøyringa gjennom Høyangertunnelen byr på mange utfordringar for pendlarar og innbyggjarane i Høyanger. Men arbeidet som blir gjort vil glede mange når det er over.

SJÅ VIDEO: Kolonnekøyringa gjennom Høyangertunnelen byr på store utfordringar for pendlarar og fastbuande. Når arbeidet er over vil det likevel glede mange. (FOTO: MARIE STAFSNES OSLAND/NRK)

Måndag i førre veke starta arbeidet med å ruste opp den 7,5 kilometer lange tunnelen for 170 millionar kroner .

Tomas Eikelid

I TIDE: Tomas Eikelid frå Hyllestad var tidleg ute for å komme igjennom stenginga for å nå industrisamlinga Balestrand.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Arbeidet omfattar ny vass- og frostsikring, fjellsikring, nye havarinisjar, ny drenering og kablar, nye vifter og nytt lysanlegg. Og medfører ikkje heilt problemfri ventetid.

– Det blir veldig hektisk i periodar. Enkelte gjennomgangar må vi laste tre-fire trailerar samstundes for å halde tidsfristane våre. Det blir tøft når det blir full sesong, seier Erling Nesse, dagleg leiar hos Nesse Plast.

Taper pengar

Erling Nesse

IKKJE VAL: Erling Nesse i Nesse Plast seier dei av omsyn til kundane må tilpasse seg så godt som mogleg. – Vi har ikkje noko val. Vi må vere der, seier han og legg til at også kundane deira kan bli skadelidne om ikkje leveransane kjem i tide.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Verksemda har saman med Sæle Sag fått sine utfordringar som følgje av tunnelarbeidet. Lasting og lossing må planleggast ut frå kolonnetidene.

Nesse fortel at dei har sju til ni trailerar, som passerer Høyangertunnelen 15–20 gonger om dagen for å få emballasjen ut til fiskeindustrien. 95 prosent av leveransane går gjennom tunnelen.

Dei tapar pengar på stengingane.

Kolonnekøyring i Høyangertunnelen

KØ: Kolonnekøyringa er utfordrande medan den går føre seg. – Men når arbeidet er ferdig vil bilistane oppleve den som nesten ny, forsikrar prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Vi vil få, og har hatt, mange timar ventetid. Det er veldig vanskeleg å time det noko betre enn vi gjer. Og no nærmar vi oss vinteren, med stengde fjellovergangar og glatte vegar, seier Nesse.

Få alternativ

Svein Tore Knutson

TOLMOD: Svein Tore Knutsson køyrer brød til Kyrkjebø, Høyanger og Balestrand. – Dette blir bra til slutt. Vi får berre vere tolmodige, seier han og vedgår at returen kan by på noko venting.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Høyangertunnelen har korte opningstider medan den blir rusta opp. I andre enden av kommunen er Gaularfjellet vinterstengt, medan ferja over fjorden leier til Vik som ofte har lange stengingar om vinteren.

– Vi har også tilpassa ein del skift for å få det til å gå opp for tilsette som pendlar. Men alle er interesserte i ei god sikring av tunnelen, legg Nesse til.

Balestrand-ordførar Harald Offerdal (Ap) seier tunnelstengingane gjer det utfordrande å komme seg til og frå Balestrand.

Beredskap på prøve

Spesielt blir beredskapen sett på prøve når tunnelen mellom Høyanger og Balestrand er under opprusting.

Harald Offerdal

TILPASSING: – Vi får berre tilpasse oss den kvardagen som blir medan dette går føre seg, seier ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Sjølv om naudetatane slepp gjennom ved behov, så hadde vi helst sett at den eine av to ambulansar stasjonert i Høyanger var i Balestrand under arbeidet, seier Offerdal og legg til at ynsket er blitt avvist i Helse Førde.

– Men folk i Balestrand innser at noko må gjerast. Alternativet er mykje verre, legg Offerdal til.

Naudsynte stengingar

Det stadfestar prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.

Sveinung Hovland, prosjektleiar i Statens vegvesen

NAUDSYNT: Sveinung Hovland, prosjektleiar i Statens vegvesen, fortel at lange stengingar er naudsynte no som ein er byrja å sprenge havarinisjene i Høyangertunnelen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Då ville tunnelen blitt stengd om få år. Platekvelv ville falle ned og det ville rett og slett vere farleg å køyre gjennom tunnelen, seier han og oppfattar pendlarane som tolmodige.

Han legg til at ein det ikkje er noko alternativ å kutte ned på dei lange stengingane.

– Vi må sprenge, rydde vekk stein og sikre tunnelen før vi kan sleppe trafikken på att, seier Hovland.

Arbeidet skulle etter planen gå fram til sommaren, men kan gå lenger sidan tunnelen også får det nye naudnettet.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.