Hopp til innhold

Denne kjeda har han ingen planar om å gje frå seg

Oddmund Klakegg (Sp) har lyst å styre Jølster vidare i fire nye år.

Oddmund Klakegg

FRAMLEIS PÅ TOPP: Oddmund Klakegg har ingen planar om å gje frå seg ordførartittelen utan kamp.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Vallogo

Jølster må ein kalle Senterparti-land. I alle val etter 1995 har Sp vore største parti med 41,2 prosent som beste resultat i 2003, og ordførarane har kome frå dette partiet samanhengane sidan 1992. Ved sist val tok Oddmund Klakegg over etter Gerd Dvergsdal som hadde vore ordførar i 16 år. Klakegg er innstilt på å halde fram, men blir nok også denne gongen avhengig av samarbeid med andre. Sist samarbeidde dei raud-grøne om konstitueringa. Så blir nok styrkeforholdet mellom partia etter valet avgjerande.

Ap har vore nest største parti ved dei to siste vala. Ordførarkandidat no som sist er Ragnhild Sæle. Venstre har også tradisjonelt stått sterkt i Jølster, og Judith Kapstad stiller på igjen også i år. Høgre og SV stiller også med same toppkandidatar som sist. Anders Sægrov for Høgre og Jakob Andre Sandal for SV. Einaste nye listetopp ved dette valet har KrF som no stiller med Inger Lind Aasen. Frp har stilt liste i Jølster ved dei tre siste vala, og ha vore representert i kommunestyret, men i år stiller dei ikkje.

Jølster fekk ein heftig skuledebatt dette året etter at ei prosjektgruppe foreslo å samle ungdomsskuleelevane frå heile kommune på Vassenden. Kommunen har kjøpt bygningane til Jølster vidaregåande skule, tidlegare Heimyrkjeskulen, og prosjektgruppa som skulle finne bruksområde for desse bygningane meinte at ungdomssteget ved Skei og Vassenden skular burde samlast her.

I ein kommune med historisk anstrengt forhold mellom indre og nedre delen av kommunen var dette å helle bensin på eit nesten sløkt bål. Og politikarane er delte i synet på om denne løysinga bør utgreiast. I forlenginga av skuledebatten ligg også saka om idrettshall/fleirbrukshall på Vassenden. Den saka stor på dagsorden ved førre val, og har enno ikkje fått si avgjerd. Hall-saka inneheld både den økonomiske utfordringa og plassering. Venstre køyrer saka sterkt inn mot valet.

Jølster slit med å auke folketalet, trass i at dei ligg nær byen Førde og blir oppfatta som felles bu- og arbeidsområde med naboen. Ei av utfordringane for Jølster er mangelen på tomter til dei som ønskjer å bygge. Enkelte meiner Jølster-politikarane må føre ein meir offensiv bustadpolitikk og legge betre tilreitt for dei som ønskjer tomt. Ikkje berre overlate dette til private aktørar.

Jølster har diskutert kommunesamanslåing tidlegare og folket har sagt nei til samanslåing med Førde, Gaular og Naustdal. No er dei på'an igjen, og kanskje er den gamle tanken om at Førde med sine tre nabokommunar er ein naturleg storkommune meir etande no, dersom ein næmast blir tvinga til å endre dagens kommunestorleik. No er Jølster også med på utgreiing av storkommune frå Gloppen og heilt til Flora og Solund. Kanskje blir det vel veldig for jølstringane ...?