Hopp til innhold

Denne isen avverga miljøkrise

- Flaks at det ligg is på fjorden, seier skadestadsleiar Eivind Ask. 9000 liter diesel rann ut i Flekkefjorde.

9000 liter diesel rann ut i Flekkefjorden

Arbeidet med å rydde opp etter at 9000 liter diesel rann ut av ein dieseltankar frå Haulandssenteret i Flekke i helga.

Foto: Trude Bakke / NRK

Ein dieseltank ved Hauglandssenteret i Flekke sprakk laurdag. Diesel frå tanken rann ut i Flekkefjorden, og dekkjer eit område på næare 700 kvadratmeter.

Oppdaga lekkasjen søndag

9000 liter diesel rann ut i Flekkefjorden
Foto: Trude Bakke / NRK

- Det var ein dieseltank som vert brukt til å fyre opp varmen på senteret som sprakk. Den var fyllt opp, og no er alt lekt ut, seier Ask.

Lekkasjen vart oppdaga då tilsette kom på arbeid søndag og såg at alle brennarane var sløkte.

- Dei sjekka tankane, og det viste seg at dei var tomme, forklarar skadestadsleiaren.

20 mann i arbeid

Då det vart klart at dieselsølet var kome i fjorden vart det kalla inn mannskap for å byrje oppryddingsarbeidet.

- 20 mann var i arbeid søndag kveld. I natt har det vore vakt på staden for å følgje med lensene som ligg ute i fjorden. Etter kvart som lyset kjem no i dag vil vi byrje på arbeidet att, seier Ask.

Grøn snø

For å fjerne dieselsølet måtte ryddemannskapet i går skjère seg gjennom ein 30 centimeter tjukk is på fjorden.

- Vi brukte motorsag og traktor for å kome oss ned til sjølve vatnet. Det var ein slitsam og tung jobb, seier Ask.

Isen som vert fjerna er kasta i tette containarar.

- Det er fordi det ikkje skal lekke ut att i grunnen, forklarar skadestadsleiaren.

Han seier det ikkje ser fint ut der dieselen har runne ned i fjorden.

- Det luktar og ser ikkje bra ut.

For isen på land er grønfarga av diesel.

(artikkelen held fram under bilete)

9000 liter med diesel i Flekkefjorden
Foto: Inger Johanne Osland

Kulden hjelper

- Det er flaks at det er kaldt og at det ligg is på fjorden, seier Ask.

For utan kulden og isen ville dieselsølet skapt store problem.

- Når det er så kaldt legg det ikkje diesel seg på botn i fjorden. No har vi skore hòl i isen, og brukar lense for å få mest mogleg diesel opp frå fjorden att, forklarar skadestadsleiaren.

Han meiner bestemt at skaden hadde vore mykje større om det ikkje var vinter og iskaldt.

Ei veke med opprydding

- Det er mykje diesel i fjorden att, men lensepumpa har vore på i heile natt. Og eg trur nok vi skal klare å fjerne det meste av det som kom i fjorden. Så til våren trur eg ikkje vi vil kunne sjå noko av dette, seier han.

- Kva gjer de med isen de fjernar?

- Vi er usikre på korleis vi skal handtere den. Eit alternativ er å setje det inn, og la det smelte og deretter la dieselen gå gjennom eit filter. Men det tek lang tid.

- Kor lenge vil de måtte arbeide på staden ved Hauglandssenteret for å få fjerna alt dieselsølet?

- Eg trur nok vi vil halde på med dette i ei veke for å vere sikre på at vi har fått med oss alt.

Varmetelt

Ask fortel at det var skikkeleg kaldt å arbeide på staden søndag kveld, og at dei i dag vil setje opp varmetelt for arbeidarane som skal fjerne diesel.

- Det er viktig at vi held oss varme. Det var ikkje noko triveleg i går å arbeide med kulden som var. Vi var våte i kleda så det var kaldt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.