Hopp til innhold

Her opnar han idrettsparken han knapt har sett maken til

– Solund fått eit idrettsanlegg mange kan misunne dei.

Per Ravn Omdal opnar Solund Idrettspark

IMPONERT: Mangeårig fotballpresident i Norge, Per Ravn Omdal, var på båttur til øyane og opna idrettsparken i Solund. – Eg er så glad på idrettslaget, kommunen og innbyggjarane sine vegne at eg nesten ikkje kan få sagt det, seier han.

Foto: Mark Elvevåg

Det seier mangeårig president i Norges Fotballforbund, Per Ravn Omdal. I dag opna han den heilt nye idrettsparken på Hardbakke.

Ein idrettspark med ein plassering Omdal knapt har sett maken til gjennom sine 13 år som fotballpresident. Og han har vore på mange norske idrettsanlegg.

Henningsvær stadion

HENNINGSVÆR STADION: Fotballbana i Lofoten blir omtala som ei av dei mest spektakulære banene i Norge. No kan den ha fått konkurranse frå Solund.

Foto: Henrik Bain

– Det er så rått, så flott og så tilpassa befolkninga at det er heilt fantastisk. Anlegget i Henningsvær i Lofoten er veldig flott, men dette i Solund er like flott, seier han.

– Stum av beundring

Frå lia over kommunesenteret har idrettsparken utsikt mot havet og øyane. Den tidlegare presidenten seier at han har vore på mange fotballbaner gjennom 13 år som fotballpresident. Han har også fleire verv i det internasjonale fotballforbundet.

– Det ligg så tett på sjøen. Det er tett på innbyggjarane og borna. Det ligg så idyllisk til at eg nesten ikkje kan tru det, seier Omdal.

Solund Idrettspark

SJÅ GLIMTA: Både unge og vaksne får ein heilt annan idrettskvardag med den nye idrettsparken.

Foto: Mark Elvevåg

I tillegg til fotballbane er det også lagt til rette for friidrett.

– I tillegg til frispeegolf-bana rundt som tek over to timar å fullføre. Dei har brukt naturen på ein fantastisk måte. Eg er stum av beundring for det dei har fått til, seier Omdal.

Merkar effekten

Den gamle fotballbana hadde svært dårleg grusdekke. Den nye idrettsparken kosta kring fem millionar kroner, der idrettslaget, spelemidlar og kommunen har spytta inn ein tredjedel kvar.

Idrettslaget har fått verdifull støtte frå næringslivet både i – og utanfor – kommunen.

I Solund idrettslag fortel Kim Arnes at dei allereie merkar effekten av det som blir landets vestlegaste idrettspark.

– Sidan den nye fotballbana stod klar i månadsskiftet juni/juli har aktiviteten eksplodert. Det har nesten vore så ille at ein må opp og hente ungane til leggetid, humrar han.

Med idrettsparken på plass håpar Arnes å sjå Solund på det lokale fotballkartet. Det er mange år sidan sist Solund idrettslag stilte med lag i fotballserien.

– No jobbar vi vidare med planane om eit idrettshus, og på sikt ser vi føre oss å kunne få fotballag med i serien og kanskje arrangere turneringar for dei minste, avsluttar han.