Hopp til innhold

Denne helga byter han ut politikk med musikk

Mange politikarar spelar på fleire strengar. Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) held seg til tverrfløyte.

Sveinung Rotevatn og Eid Musikklag

KONSENTRERT: Sveinung Rotevatn i aksjon saman med Eid Musikklag, dirigert av Rebecca Smilovski.

Foto: Mads Myr Munthe-Kaas / NMF

Venstrepolitikaren deltek nemleg på NM i janitsjar i Trondheim med Eid Musikklag.

– Vi spelte alt i går kveld, så vi er ferdige med sjølve spelinga. No må vi leve i spenning fram til laurdag kveld når vi får vite kva plassering vi kjem på, seier Rotevatn.

Det var musikkorps.no som først skreiv om saka.

Rotevatn har traktert tverrfløyte sidan han var liten, og tråkka sine barnesko i marsjtakt bak fana til Nordfjordeid skulekorps. Seinare var han å finne i Eid musikklag.

Blir med så sant han har tid

Også etter at han flytta frå kommunen har fløyta vore med, og han har vore medlem i fleire korps, i tillegg til at han tenestegjorde i musikktroppen i Garden.

– Eg har delteke i NM ein gong tidlegare i 2008, då eg spelte med Skjold Nesttun Janitsjar, seier Rotevatn.

Sjølv om han ikkje fast spelar i korps, stiller han når Eid musikklag treng han, og timeplanen tillèt det.

– Det er første gong Eid musikklag er med i NM, og då kunne eg ikkje seie nei. Vi presterte godt, og alle var nøgde med sin innsats. Dommarane smilte og stemninga var god, og då må vi vere nøgde, seier Rotevatn.

Lyder dirigenten

Han meiner han gjorde sitt beste, og hadde iallfall øvd.

– Det vert ikkje så veldig mykje øving til dagen, men framfor NM har eg lagt meg i selen, seier Rotevatn.

– Du er ein fritalande politikar som gjerne protesterer og står på krava. Korleis er du å ha som korpsmedlem?

Sveinung Rotevatn

KJEKT: – Eg ser fram til å bruke helga til å høyre på mykje god musikk og treffe mange vener og kjende som eg har fått gjennom korpsrøyrsla over mange år, seier stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Venstre, Sveinung Rotevatn.

Foto: Olga Wergeland / NMS

– Der er eg lydig. Korps er lagarbeid, og der er det dirigenten som bestemmer. Uansett, ler Rotevatn.

Dirigent Rebecca Smilovski er glad for at stortingsrepresentanten ville bli med.

– Vi er veldig glade for at han tok seg tid. Også søstera hans Marie var med, så det var nesten heile familien, seier Smilovski.

Ho er nøgd med innsatsen til musikklaget som stiller med 29 musikantar, men spent på kva utfallet blir.

– Vi fekk synt oss på vårt beste, og vi strekkjer oss godt. Nivået i 7. divisjon er variert, så vi får sjå. Men det er stort berre det at vi deltek for første gong, seier Smilovski.

Frå Sogn og Fjordane er også Gloppen Janitsjar og Førde Musikklag med i NM.