Hopp til innhold

Denne helga bør du passe deg for nattefrost

Sola skin på blå himmel over heile Sør-Noreg, men i kombinasjon med kulde kan det fort bli såpeglatt.

Ulukke på fv. 60 mellom Olden og Innvik

ULUKKE PÅ GLATTA: Laurdag morgon fekk ein bil skrens på glatta mellom Olden og Innvik i Nordfjord.

Foto: POLITIET

– Vi har hatt den første frostnatta fleire stadar, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Heile Sør-Noreg kan gle seg over ei solfylt, kald og klar helg, men ute på vegane i midtre og indre strøk lurer farane. No ber Meteorologisk institutt alle om å vere merksame på nattefrost.

Ei frostnatt er ei natt der temperaturen fell under 0 grader, noko som kan kome brått og overraskande på bilistar som er ute på vegen seint eller tidleg.

Geir Ottar Fagerlid

FROSTNATT: Meteorolog Geir Ottar Fagerlid seier det er venta kalde netter over i store delar av Sør-Noreg.

Foto: Meteorologisk Institutt

Laurdag morgon køyrde ein bil ut av vegen mellom Olden og Innvik etter at føraren mista kontrollen i ein glatt sving. Politiet kunne melde om såpeglatte vegar på fv. 60 i Nordfjord.

Etter ei utforkøyring fredag kveld kom politiet med ei oppmoding til bilistane i Møre og Romsdal om å køyre forsiktig.

Det kan fort danne seg is på vegane som gjer at ein får glatte parti, seier Fagerlid.

– La bilen stå

Lurer du på om du skal byte til vinterdekk på bilen? Meteorologen ville ikkje gjort det heilt enda. Han ber deg heller om å la bilen stå i helga.

– Viss du kan la bilen stå på morgonkvisten, så treng du ikkje byte til vinterdekk dei neste dagane. Det er venta eit lågtrykk i neste veke som har med seg høgare temperaturar, seier Fagerlid.

Det er store lokale forskjellar på temperaturane. På kysten og langs fjordane er det ganske mildt. Meteorologen trekkjer fram Kråkenes i Nordfjord. Ved Kråkenes ute ved kysten var lågaste temperatur natt til laurdag 7 grader, medan det har vore minus fleire stadar i midtre og indre deler av Sør-Noreg.

Laster Twitter-innhold