Hopp til innhold

Denne helga bør du nyte – neste veke blir søkkvåt

– Ja, du kan godt seie det slik. Det kjem lågtrykk inn i Norskehavet. Det er synonymt med nedbør på Vestlandet.

Gressklipper

RASKA PÅ: Ser du behovet for å klippe plenen, er det best å snu seg rundt. Frå måndag overtek nedbøren for det flotte haustvêret vi har hatt siste dagane.

Foto: Illustrasjonsbilde: Colourbox.com

Det seier vakthavande statsmeteorolog Tone Christin Thaule om vêret som ventar over helga.

For frå måndag blir det vått, vått, vått – og vind.

  • Sjå: Oppdatert vêrmelding hos yr.no

– Det kan bli litt nedbør, men eg trur det er innanfor det ein kan tole på Vestlandet. Det blir i alle fall ei monaleg omlegging i høve vêret vi har hatt siste dagane, seier Thaule.

Frå flott til vått

Utsikt over Kjøsnesfjorden frå Hamnanova.

FJELLTURAR: Fint lite er som fjellturar i flott haustvêr, som her til Hamnanova i Jølster. Kommande veke blir det smått med sjansar til det.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den første skuleveka etter sommarferien må seiast å ha vore rimeleg bra. Både fredag og laurdag har solstrålane møtt lite motstand frå skydekke og sjølv om det har vore kaldt på nattetid, har sola varma godt på dagtid.

Søndag er det venta noko meir skyer og litt meir vind enn laurdag. Så kjem lågtrykket.

– Måndagen byrjar med stiv kuling, men når fronten nærmar seg ut på ettermiddag kan vinden nå opp i sterk kuling, seier Thaule.

Opp mot 40 mm regn

Om du har ein fjelltopp du vil nå i finevêret eller ser behovet for å slå plenen, så bur du altså nytte laurdagen og søndagen godt.

Instagram Sogn og Fjordane

Nedbørsfronten natt til tysdag blir følgd av ein ny nedbørsfront natt til onsdag. Tida mellom frontane blir fylt med byeaktivitet. Sogn og Fjordane og Hordaland får det våtast i vest.

– Måndagen er det midtre og ytre delar som får mest nedbør. Kanskje opp mot 15–20 millimeter. Tysdag kan det komme 20–30 millimeter på det meste og då er det indre delar som får mest, seier Thaule.

– Også den nye fronten onsdag har ein del fukt i seg ned. Kanskje 30–40 millimeter. Så det blir fleire våte dagar der, legg statsmeteorologen til.

– Ser ikkje veldig bra ut

Med andre ord vil det våte element prege dagane frå måndag og fram mot neste helg. Temperaturmessig startar det bra med 15–17 varmegrader på måndag. Denne vil truleg falle eitt par grader noko dei neste dagane.

For enkelte er det noko i mager trøyst at nedbøren har lokale variasjonar. Og prognosar er nettopp det det er, prognosar.

– Men det ser ikkje så veldig bra ut, avsluttar Thaule.

Laster innhold, vennligst vent..